nyhende

Trygve Kolderup er forfattar av boka Reis bedre.
Trygve Kolderup er forfattar av boka Reis bedre.

Mindre miljøavtrykk – større ferieinntrykk

Berekraft og miljø når det gjeld reising, er eit tema som opptek stadig fleire. Trygve Kolderup meiner ikkje at me må halda oss heime, men at me heller bør ta meir medvitne reiseval.

Publisert Sist oppdatert

– Me kjem ikkje til å slutta med å reisa, og det skal me heller ikkje gjera. Det er så mykje som er fint med det å reisa. Me må heller gjera det på ein litt annan måte enn i dag, seier Trygve Sunde Kolderup til Nynorsk pressekontor. Han ser helst at me blir meir medvitne når me skal ut og reisa.

Kolderup har nyleg skrive boka «Reis bedre». Tidlegare har han vore leiar for natur og berekraft i Den Norske Turistforening, redaktør for friluftsmagasinet Ute og for DNT-magasinet Fjell og Vidde.

Så korleis kan me unna oss ein ferie som er mest mogleg berekraftig? Kolderup kokar det ned til tre hovudkapittel med faktorar me bør vurdera når me skal på tur: Klima, natur og lokalmiljø.

Flyet er versting for klimaet

Frå fleire hald blir det sagt at me bør ta mindre fly. Kolderup meiner at flyreiser utan tvil er den reiseforma som fører til størst karbonavtrykk. Ordet grønvasking har kome inn i vokabularet, og det betyr at ein framstiller noko som meir miljøvenleg enn det eigentleg er. Co₂-utslepp blir målt i ekvivalentar. Eininga reknar ut kor stor påverknadskraft mengda co₂ har på den globale oppvarminga over ein viss tidsperiode.

– Ein kan legga om til å bli vegetarianar, kutta matsvinn og ikkje kjøpa nye klede i eit heilt år. Det er flott, og det reduserer avtrykket. Men om det gjer at du sparar pengar til å ta ei ekstra flyreise, så blir det nulla ut veldig fort, seier Kolderup.

Til dømes svarar flyreisa Oslo-Bergen til 86 tonn co₂-ekvivalentar, mens tog på same distanse svarar til 7 kilo co₂-ekvivalentar.

Det blir jobba med å laga elektriske fly som ein ser føre seg skal flyga på korte distansar, som til dømes Bergen-Sogndal. Men me har ikkje teknologien heilt på plass enno.

– Mange stader er det nødvendig å ta fly for å besøka familie, men det er sjeldan slik at me må til Málaga for 699 kroner, og det er slike turar me bør kutta, seier Kolderup.

– Det er ikkje sånn at me ikkje skal reisa til Syden, men me må også vera medvitne om avtrykket det lèt etter seg. Reiselivsbransjen er flink til å opplysa om at dei ikkje brukar plastsugerøyr for eksempel, men om du reiser med fly, er det ikkje sugerøyret som er det store problemet når sjølve flyreisa står for 75 prosent av klimautsleppet på turen din, seier Kolderup.

Ein god turist i lokalmiljøet

– Mange stader i Noreg, eller i utlandet, opplever eit stort trykk av turistar i nokre bestemde periodar. Då er det betre å reisa dit i lågsesongen. Og så har det fordelar for deg som reisande. Éin ting er at du får det billigare, men også at det er mindre køar.

Samtidig kan også turismen gjera at mindre tettstader får oftare buss- og ferjeavgangar, eller betre kafé- og kulturtilbod.

Fleire stader har også byrja med såkalla dugnadsturisme. Denne turistforma har hatt stor suksess på Færøyane mellom anna. Styresmaktene der inviterte 100 frivillige til å jobba med vedlikehald av naturen, og som løn for strevet skulle dei få kost og losji gratis.

– Dei har tenkt på korleis dei skal få turistar til å bidra i lokalsamfunnet. Tilreisande vil kanskje møta lokalbefolkninga, og då har dei ei ordning der ein kan få eta heime hjå folk.

– Eg tenker at det er vår jobb som turistar å støtta dei tinga som er med på å gjera lokalmiljøet betre, seier Kolderup.

Vern naturen med hyttedeling

Mange kommunar bygger stadig nye hyttefelt i utmarka si i ei radig fart. Ifølgje Kolderup står hyttebygging åleine for ein firedel av arealtapet i Noreg dei siste åra. Arealtapet inkluderer utbygging av hytter, så vel som vegar og skianlegg. Dette trugar både naturen og artsmangfaldet.

– Hyttekulturen me har er fantastisk, og me skal hegna om han og ta vare på han, meiner Kolderup.

Samtidig slår han eit slag for ein meir berekraftig måte å bruka hytter på, nemleg ved dela på dei som allereie er bygde. Som DNT-medlem, får du til dømes tilgang til meir enn 550 hytter i heile landet.

– Om du vel ei delingshytte, så slepp du lån, og straumutgifter, snømåking, beising av vegger og andre nødvendigheiter blir billigare, reklamerer han.

Powered by Labrador CMS