nyhende

Jon Fosse (64) blir den første nynorskspråklege forfattaren som er tildelt Nobels litteraturpris. Han er den første norske forfattaren som har fått prisen sidan Sigrid Undset fekk prisen i 1928.
Jon Fosse (64) blir den første nynorskspråklege forfattaren som er tildelt Nobels litteraturpris. Han er den første norske forfattaren som har fått prisen sidan Sigrid Undset fekk prisen i 1928.

Min Fosse-favoritt

Har du lyst til å bli betre kjent med forfattarskapen til nobelprisvinnar Jon Fosse – men er usikker på kva for bøker du skal lese? Her tilrår 14 norske forfattarar sine Fosse-favorittar.

Publisert Sist oppdatert

JON FOSSE (f. 1959) er frå Strandebarm og debuterte med romanen «Raudt, svart» i 1983. Han har sidan skrive over tjue romanar, eit titals lyrikkbøker og like mange barnebøker. Han har i tillegg gjendikta fleire klassiske verk og skrive eit tjuetals skodespel.

Fosse er blant dei mest spelte nolevande dramatikarane i verda og teaterstykka hans er omsette frå nynorsk til meir enn 50 språk. Førre månad vart det kjent at Fosse får Nobelprisen i litteratur for 2023 «for hans nyskapande dramatikk og prosa som gjev stemme til det useielege». Prisoverrekkinga skjer søndag 10. desember i Stockholm.

Agnes Ravatn: Prosa frå ein oppvekst

– Sjølv om eg eigentleg har ein forkjærleik for den ulmande, ubehagelege, nesten thriller-aktige Fosse, kjend frå til dømes «Nokon kjem til å kome» og «Andvake», så vel eg å framheve boka med den forsiktige tittelen «Prosa frå ein oppvekst» – særleg til nye Fosse-lesarar som uroar seg for at Fosse er vanskeleg tilgjengeleg.

Dei små korttekstane i denne boka er enkle og universelle, nokre er triste og mørke, andre rett og slett søte, og dei fleste både underlege og attkjennelege.

Agnes Ravatn (f. 1983) frå Ølen debuterte i 2007 med romanen «Veke 53». Sidan har ho gjeve ut fleire populære romanar og sakprosabøker, seinast essaysamlinga «Alle mot alle» i haust. I 2013 gav ho ut publikumssuksessen «Fugletribunalet», som ho vann fleire prisar for. Bøkene hennar er omsett til mange språk.

Tore Renberg: Naustet

– I skarp konkurranse med «Morgon og kveld», vel eg å peike på romanen eg oppdaga Fosse med. Eg las boka oppunder juletider i 1992 og visste nær sagt ikkje mi arme råd, så sterkt som ho skaka meg. Bølgjer av språk, bølgjer av minne, bølgjer av uro, bølgjer av lengt i ei bølgje av eit svulmande akutt no; alt bore eigenrådig og fengjande fram i eit superlitterært språk. Det er «Naustet».

Eg går ikkje ut lenger, ei uro er komen over meg, og eg går ikkje ut. Bravo, Jon! Eg var ein ung mann den gongen, holsvolten på litteratur; det var godt å ha dette i ryggen då ein skulle stake ut sin eigen skrivande kurs. Ein kjende det så godt, kva den gode litteraturen kan gjere med – og for – oss.

Tore Renberg (f. 1972) frå Stavanger debuterte i 1995 med «Sovende floke», som han fekk Tarjei Vesaas» debutantpris for. Renberg har sidan gitt ut ei rekkje bøker som er blitt folkelesning; frå dei ikoniske romanane om Jarle Klepp, til «Du er så lys» og «Tollak til Ingeborg», og ikkje minst Teksas-serien om den småkriminelle Hillevågsgjengen frå Stavangers skuggeside. Renberg har mottatt Bokhandlerprisen to gonger, P2-lytternes romanpris og Nynorsk Litteraturpris.

Aina Basso: Morgon og kveld

Eg har lese Jon Fosse i mange år, og kunne trekt fram fleire av bøkene hans, mellom anna den fantastiske «Septologien». Men den Fosse-boka som har gjort aller sterkast inntrykk på meg, er og blir «Morgon og kveld», om den gamle fiskaren Johannes som går døden i møte på vakkert og stillferdig vis, skrive fram i Jon Fosses karakteristiske rytmiske og nærmast suggererande språk.

Eg blei overrumpla av denne vesle, store boka første gongen eg las ho, for seksten år sidan, og overraska meg sjølv med å gråte veldig av slutten. Eg tilrår alltid folk å starte med «Morgon og kveld», om dei ikkje har lese Jon Fosse før.

Aina Basso (f. 1979) frå Giske debuterte i 2008 med ungdomsromanen «Ingen må vite». Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge om heksejakta i Europa. For «Inn i elden» blei ho nominert til Brageprisen i 2012 og Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013. Ho fekk Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for romanen «Fange 59. Taterpige» (2010). For «Finne ly» (2014) fekk ho Bokbloggerprisen i kategorien Årets roman.

Marie Aubert: Morgon og kveld

– «Morgon og kveld» er ei lita, tynn bok, der vi i første del møter hovudpersonen Johannes den dagen han blir fødd, og i andre del den dagen han døyr. Det er ein merkeleg og veldig vakker roman; kvardagsleg og metafysisk, enkel og storslått. Lett å lese – og vanskeleg å gløyme.

Marie Aubert (f. 1979) frå Fetsund er journalist og forfattar. Debuterte i 2016 med novellesamlinga «Kan jeg bli med deg hjem». Romanen «Voksne mennesker» (2019) vart nominert til Bokhandlerprisen og vann Ungdommens kritikarpris 2020.

Brit Bildøen: Hundemanuskripta

Eg har lese mange Fosse-favorittar, og ein av dei er «Hundemanuskripta». Det er ei samling av tre barnebøker som først kom ut med titlane «Nei å nei», «Du å du» og «Fy å fy». Eg vil kalle dei barnebøker for vaksne. I ein underfundig tone fortel Fosse om hunden Webster som lever eit sutlaust liv saman med ei gammal dame, mens han drøymer om eit liv i villmarka. Han gir oss den aldrande hunden Olaf, som bur aleine i eit naust, og Hektor, som er skipshund på ei frakteskute.

I desse bøkene får vi eit sjeldant møte med humoristen Jon Fosse. Hundemanuskripta eignar seg godt til opplesing. Vaksne kan lese bøkene for barn. Barn kan lese dei for vaksne. Og vaksne kan lese dei for vaksne.

Britt Bildøen (f. 1962) er oppvaksen på Aukra. Debuterte i 1991 med diktsamlinga «Bilde av menn», og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho jobbar også som omsetjar. Bøkene hennar er omsette til fleire språk, og ho har fått fleire litterære prisar, mellom anna P2-lyttaranes romanpris for «Sju dagar i august» (2014), som også vart nominert på langlista til Dublin Literary Award. I 2023 fekk ho Doblougprisen for heile forfattarskapen sin.

Brynjulf Jung Tjønn: Andvake

– I mange år hadde eg tenkt å lese Jon Fosse, og då eg ein dag i 2007 plukka opp Andvake, las eg boka i eitt strekk. Eg blei umiddelbart fengsla av det rytmiske og musikalske språket pakka inn i vestlandsk scenografi. Og sjølv om forteljinga var enkel, var det likevel noko mystisk og dramatisk som låg der og som løfta det heile opp til noko større. Og det er litt slik det er med litteraturen til Fosse; det kan vere både enkelt og stort på same tid.

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) frå Feios har gjeve ut fleire romanar og diktsamlingar, deriblant «Kvar dag skal vi vere så modige» som fekk P2-lyttarane sin romanpris. Den kritikarrose «Kvit, norsk mann» kom i år og fekk Ungdommens kritikarpris. Jung Tjønn er tidlegare forlagsredaktør i Samlaget og i dag leiar av Den norske Forfatterforening.

Erna Osland: Prosa frå ein oppvekst

– Mi favorittbok er «Prosa frå ein oppvekst». Ho har vore det lenge, og har med arbeidet mitt som skrivelærar å gjere. I denne boka syner Fosse unge lesarar, og skrivarar, at liva våre er spennande og fine utan amerikanske filmplott. Dei små tekstane er kvardagslege, nære, sterke og gode. På alle vis. Er så glad for at ho er kommen ut på nytt no.

Denne boka burde vere i alle klasserom! Ho er ei dør, eller eit vindauga kanskje – boka er jo så lita – inn til eit stort forfattarskap. Og ikkje minst: Ho er ei oppfordring til unge om å undre seg over, glede seg over – og å skrive om eige liv. Hurra for unge Fosse!

Erna Osland (f. 1951) frå Høyanger debuterte med «Natteramnen» i 1987. Har skrive mest for born og unge, deriblant «Salamanderryttaren» som ho fekk både Brageprisen og Nynorsk barnelitteraturpris for. Ho fekk også Kultur- og kyrkjedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur for «Skarpe tenner» og Nynorsk barnelitteraturpris for «Nasevis«. Osland jobbar også som skrivelærar.

Linda Eide: Septologien

– Det beste eg har lese av Fosse, som eg garantert vil lesa om att, er romanserien Septologien, som inneheld dei tre bøkene «Det andre namnet» (2019), «Eg er ein annan» (2020) og «Eit nytt namn» (2021). Teksten flyt av garde og eg heng med, som i ein film, som ikkje går så sakte som folk skal ha det til, men som tvert imot har den farten me antakeleg er meint å skulle leva i, og med. Teksten er lett tilgjengeleg. Alt som står der er klinkande klart, sagt med enkle ord. Og eg veit at om eg les den fleire gonger vil eg oppdaga stadig nye ting og få stadig nye tankar.

Dersom eg skulle tilrå ei bok for den som ikkje vil ha så mange sider og så mykje kontemplasjon, blir det «Prosa frå ein oppvekst». Korte forteljingar, stundom berre fire linjer. Lite gjentakingar, morosame, interessant og rørande tekstar.

Om ein ynskjer seg ein pageturnar, ville eg gått for «Stengd gitar». Frå side ein til siste slutt lurer du på korleis dette skal enda.

Og vil ein høyra noko heilt anna ville eg – også som vaksen – høyrt den kjende svenske skodespelaren Reine Brynollfsson lesa «Hundmanuskripten». Jon Fosse for barn, på svensk. Ingen les Fosse som Anderz Eide, men ein svensk avstikkar må det vera lov å ta seg.

Linda Eide (f. 1969) frå Voss er journalist, programleiar og forfattar. Har mellom anna skrive «Norsk attraksjon» og «Oppdrag Mottro» og fått ei rekkje språkprisar, deriblant Melsom-prisen frå Samlaget og Målprisen frå Noregs Mållag. Eide har også laga føredragsframsyninga «Fosse for dumskallar», som mellom anna blir å sjå på Litteraturhuset i Oslo 10. desember.

Camara Lundestad Joof: Dikt i samling

– Det var poesien som var min inngang til Fosse-universet. Eg las diktet «Fordømming» som 19-åring og hugsar det så å seie ordrett 16 år etterpå. Eg skulle lese det høgt på «Lunsj og lyrikk» på Det Norske Teatret, og brukte fleire timar på å grave meg ned i botnen av det saman med Ola Bø og Kai Johnsen. Eg hugsar at dei var usamde i den, kanskje ungdommelege, tolkinga mi av innhaldet, men det hadde ikkje noko å seie. Det er plass til både 19-åringar og 60-åringar i tekstane til Fosse.

Slik er første delen av diktet:

«alltid, når det er morgon, kjem eit ansikt utydelig fram føre meg i si gamle krumma tilsidesette skaping eit gammalt ansikt, eit ansikt eg aldri kjem meg bort i frå eit ansikt i skuggen får enda eit ansikt har gjort meg om til min eigen lagnad»

«Fordømming» stod første gong på trykk i samlinga «Nye dikt» frå 1997.

Camara Lundestad Joof (f. 1988) frå Bodø er forfattar, dramatikar, scenekunstnar og omsetjar med norsk-gambisk bakgrunn. Ho er kjend for engasjementet sitt i den offentlege samtalen rundt rasisme, feminisme og identitet. Har gitt ut den sjølvbiografiske boka «Eg snakkar om det heile tida» og fekk mykje merksemd rundt teaterframsyninga «De må føde oss eller pule oss for å elske oss».

Frode Grytten: Kvitleik

– Noko skal ein jo skryte av, og eg kan skryte av at eg må vere ein av dei som har lese Jon Fosse lengst. I 1981 vann Fosse-guten ein novellekonkurranse i avisa Studvest, med ein tekst kalla «Han». Det kom inn 16 bidrag til konkurransen, blant dei ei novelle av Frode Grytten. Eg er ikkje sikker, men eg trur eg sende inn eit bidrag eg òg, og då eg las Fosse si novelle forstod eg at her var det noko heilt anna på gang enn det eg kunne få til. Sidan har eg lese han med stort alvor og stor glede, nesten alt han har skrive, og kanskje kan eg trekke fram den siste romanen,

«Kvitleik», som også har si søster i sceneversjonen. Det er ei lita forteljing, om ein mann inne i ein skog, om snø og ein bil som blir fanga i det kvite, ei lita forteljing om dei store spørsmåla, slik det alltid er hos Fosse, han rotar rundt i det vesle, men på så kompetent vis at det utvidar seg, han kastar ein liten stein ut i vatnet, og det blir til ringar som breier seg utover, eller han jobbar seg innover, som i «Kvitleik», inn i den svarte skogen, som snøen langsamt gjer kvit og farleg, snøen som gjer den tette skogen til frost og kulde og død.

Frode Grytten (f. 1960) frå Odda hadde gjennombrotet sitt med romanen «Bikubesong» i 1999, som han også fekk Brageprisen for. Skriv noveller, barnebøker og lyrikk og underviser i skriving. Har mellom anna vunne Rivertonprisen, Samlagsprisen og Nynorsk litteraturpris, og fekk nyleg Brageprisen i skjønnlitteratur for romanen «Den dagen Nils Vik døde».

Anders Totland: Andvake-trilogien

– Det er utruleg stor stas at ein forfattar som kjem frå det same området som eg bur i, får nobelprisen i litteratur. Tar eg ikkje heilt feil, har han til og med gått på vidaregåande i Øystese samtidig som svigermor mi gjekk der, så verda er ikkje så stor inne i fjordane her. Dessutan har me same redaktør, og det er jo litt artig.

Likevel må eg innrømma at eg strengt tatt ikkje har noko spesielt forhold til verken Jon Fosse eller litteraturen hans. Men for nokre år sidan lånte eg Andvake-trilogien av mor mi, og den likte eg såpass godt at eg enno ikkje har levert boka tilbake.

Anders Totland (f. 1986) frå Bømlo er kokk, organist, journalist og forfattar. Debuterte i 2015 med «Vampyrane i Eplehagen». Året etter kom ungdomsromanen «Engel i snøen». I 2017 kom ungdomsromanen «Så lenge ingen ser oss». I 2018 kom ungdomsromanen «Nedteljing» og «Den norske slavehandelen», ei faktabok for barn og unge. Ei ny faktabok, «Nattmannen» kom i 2019. Han har også gitt ut bøker om blant anna norske sjørøvarar og om sjukdomen lepra.

Erlend O. Nødtvet: Det er Ales

– For meg er Jon Fosse først og fremst ein poet. Det er dikta og romanane hans eg er mest oppteken av, og i mindre grad dramatikken. Skal eg tilrå noko til nye lesarar, vil det vere romanen «Det er Ales». Det er den boka eg set høgast. Den er eit konsentrat av det som gjer Jon Fosse best.

Han greier å skrive fram ein tilstand og stemning i handlinga, der dei døde eksisterer saman med den levande karakteren. Så er der fleire umerkelege overgangar mellom ulike medvit – der han går inn og ut av karakterar gjerne berre i éi setning – og smidige forflyttingar mellom tid og stad. Alt dette er gjort på ein utruleg elegant måte.

Erlend O. Nødtvedt (f. 1984) frå Bergen er poet og romanforfattar. Han debuterte med diktsamlinga «Harudes» i 2008. Seinare har han gitt ut fleire diktsamlingar og romanane «Vestlandet» og «Mordet på Henrik Ibsen». I 2018 fekk han Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar.

Ragnar Hovland: Morgon og kveld

– Eg vil omgåande tilrå «Morgon og kveld», som er min favoritt inntil vidare – for eg har ikkje lese Septologien enno. «Morgon og kveld» er veldig morosam. Det er humoristen Jon Fosse på sitt beste.

Samstundes er det er jo veldig alvorlege ting, men det er slik at han får alvor og humor til å gli saman. Romanen er lettlesen og lett tilgjengeleg. Så for folk som skal byrje å lese Fosse, trur eg dette er ei bok som vil eigne seg godt.

Ragnar Hovland (f. 1952) frå Bergen er forfattar, omsetjar og forlagskonsulent. Han har gjeve ut over 40 bøker med dikt, romanar, sakprosa og dramatikk for barn, ungdom og vaksne.

Hilde Hagerup: Nokon kjem til å komme

– Eg las skodespelet «Nokon kjem til å komme» då eg var ung og fersk forfattar. Ho og Han har flytta til eit hus på landet for å vere for seg sjølve. Dei kjenner på seg at nokon kjem til å komme, og nokon kjem. Eg forstod det ikkje heilt, og det uforståelege lika eg så godt.

Dialogen mellom Ho og Han, repetisjonane, rytmen og pausane, eg hadde ikkje lese noko som likna tidlegare. Eg las boka som ei dør til språklege moglegheiter. Eg tilrår ho til alle unge skrivande og gratulerer Jon Fosse med Nobelprisen!

Powered by Labrador CMS