nyhende
Millionar til skulane – så mykje får Sveio-skulane
Regjeringa held fram satsinga si for å gjera skulekvardagen meir praktisk og variert for elevane, og i år aukar dei potten som skal fremja leik, aktivitet og praktisk læring.
Gjennom den statlege tilskotsordninga er det i år sett av 191 millionar kroner, noko som er ein auke på 31 millionar kroner samanlikna med 2025. Ordninga har i hovudsak vore retta mot elevar på 5. til 10. trinn, men frå i år gjeld ho også for elevar på 1. til 4. trinn.
Fordelinga av midlane er basert på talet på elevar, og med 743 elevar i Sveio-skulen får kommunen 241.211 kroner i 2026. Midlane er øyremerkte utstyr og tiltak som skal gi meir aktiv og praktisk læring i skulen.
Meir pengar til praktisk læring
— Å gjera skulekvardagen meir praktisk og variert er ein viktig del av regjeringa sin plan for Noreg. For dei yngste barna er det viktig at dei får leika, oppleva meistring og tryggleik, og ikkje oppleva for mykje stillesitting. Med desse midlane sørgjer me for at kommunane i endå større grad kan kjøpa inn utstyr som fremjar leik, aktivitet og praktisk læring, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun i ei pressemelding.
Ifølgje pressemeldinga har nesten alle landets kommunar søkt om midlar, og sendt inn ei kort skildring av kva pengane skal brukast til.
— Interessen for å gjera skulekvardagen meir praktisk er enorm. Det er utruleg mange kreative og spanande prosjekt det blir søkt pengar til, og eg gler meg til å sjå kva skulane kjem til å få til med desse midlane, seier Nordtun.