nyhende
Håpar å få liv i Kiwi-cup igjen
Det er snart to år sidan Kiwi-cup sist blei arrangert i Sveio. No tek klubben sats, og håpar å få cupen tilbake på fotballkartet.
Kiwi-cup skulle i utgangspunktet arrangerast i mai i år, men er flytta til september. Dagleg leiar i Sveio IL, Håkon Kvarme Thorsen, seier årsaka er enkel.
– Det enkle svaret er at det var det for få lag som meldte interesse for å bli med, seier han.
Han peikar på at mai er ein travel månad i cupkalenderen, og at konkurransen om laga er stor.
– Me valde september for å ha god nok tid til alt anna som skjer, men også for å ha litt meir rom rundt oss, med tanke på andre cupar som blir arrangerte. Cupsesongen er jo ikkje ferdig før fotballsesongen er over, seier han.
Håpar på større interesse
Sjølv om klubben har gitt seg sjøv noko betre tid for å få nok lag på plass, ventar dei framleis på at den store pågangen skal begynna.
– Det er ikkje så mange påmelde lag enno, men me har gjort nokre grep for å få med nok lag. Me har mellom anna fjerna påmeldingsavgifta, slik at cupen er gratis for alle lag som vil delta, seier han.
Han trur den labre interessa også kan henga saman med at Kiwi-cup fekk eit noko uheldig rykte etter førre arrangement.
– Det vart litt styr i 2024, mellom anna fordi det var bestilt inn for få deltakarpremiar og litt andre ting. Det kan henda noko av det heng igjen framleis, sjølv om det no er nye folk både i styret og med i arrangementet, seier han.
Oppmodar til å spreia ordet
Samtidig med gratis-grepet, håpar Kvarme Thorsen at også oppmodingar frå dei lokale laga kan vera med på å sikra at Kiwi-cup kjem tilbake i 2026.
– Ein måte me prøvde å få inn lag til cupen i mai på, var at trenarane våre tok det opp med andre trenarar når dei var på kamp og oppmoda dei til å bli med på Kiwi-cup. Då fekk me inn nokre lag, men det var framleis ikkje nok til å arrangera, seier han.
No håpar han at fleire vil hjelpa til med å spreia bodskapen om at cupen er tilbake.