nyhende
Milliardresultat for Tine gir rekordbonus til bøndene
For første gong leverer Tine eit resultat på over to milliardar kroner, og for første gong får bøndene etterbetaling på over ei krone per liter, melder Tine.
Driftsresultatet for 2024, som vart presentert på onsdag, er ein auke på 658 millionar frå 2023. 85 prosent av overskotet kan delast ut til eigarane som etterbetaling, skriv Nationen.
– Veldig gode på innovasjon
Etterspurnaden etter mjølk har vore fallande i mange år, men i fjor auka Tine sine salsinntekter med 6,7 prosent til 28,3 milliardar.
Konsernsjef i Tine Ann-Beth Freuchen forklarer det med at det blir selt meir av andre mjølkeprodukt som smør, fløyte, smaksett mjølk, proteinprodukt og is.
– Vi er rett og slett veldig gode på innovasjon og på å følgje med på marknaden for å finne ut kva folk vil ha, seier ho.
– No får dei betalt
Styreleiar Marit Haugen i Tine meiner at utbetalingane til bøndene er bra for sjølvforsyninga og beredskapen og seier at dei skaper positive ringverknader for lokalsamfunn over heile landet.
– Mange bønder kjende nok at dei strekte seg ekstra langt då Tine trong meir mjølk i fjor. No får dei betalt for å ha lagt seg i selen.