nyhende
Milliardar går til vegprosjekt som blir avlyste eller utsette – NAF etterlyser betre kontroll
Milliardar av kroner har vorte brukte på å planleggje vegprosjekt som ikkje blir bygde, eller som stadig blir utsette. – Pengebruken held fram, seier NAF.
NAF meiner at Nasjonal Transportplan er i ferd med å bli ein politisk blindveg og etterlyser ein meir heilskapleg og forpliktande planlegging av nye vegprosjekt.
– Dei to siste planane har ikkje hatt fleirtal bak seg. Prosjekt har vorte forhandla inn og ut ei rekke gonger, samtidig som pengebruken held fram. Vi meiner det må bli betre kontroll på korleis pengane blir brukte, seier administrerande direktør Stig Skjøstad i NAF i ei pressemelding.
Skrekkdøme
Fleire store planlagde vegprosjekt vart utelatne frå Nasjonal Transportplan då han vart vedteken i fjor. Blant dei var prosjektet Hordfast – ferjefri E39 mellom Stord og Os. NAF meiner prosjektet er eit skrekkdøme på kor gale det kan gå.
– Meir enn to milliardar kroner har gått til planlegging, men det er heilt i det blå kva som skjer vidare. Samtidig som prosjektet blir utsett, vil det bli stadig dyrare å byggje om det til slutt blir vedteke, seier han.
– Blir lova gong på gong
Skjøstad trekkjer fram arbeidet på E16 mellom Arna og Stanghelle som i år endeleg kom i gang, 15 år etter at fellesprosjektet med veg og jernbane først vart foreslått. I mellomtida har prosjektet på strekninga som er kåra til Noregs dårlegaste veg, vorte over dobbelt så dyrt.
Han peikar også på at det er brukt 2,3 milliardar kroner til planlegging av Ringeriksbanen og E16 mellom Skaret og Hønefoss, samtidig som prosjektet har gått inn og ut av planane.
– Vi ser dei same prosjekta bli lova gong på gong. Det er ikkje bra for tilliten til politikken at Nasjonal transportplan ikkje leverer betre på gjennomføring og måloppnåing. Det blir ei utfordring for neste minister som skal leggje fram transportplanen sin, seier Skjøstad.