nyhende
Milliardar av livzzzverk i fare
Bier, humler og fluger reddar oss frå svolt og einsidig kosthald. Det er difor du bør legge vekk flugesmekkaren i sommar – og la graset gro med skikkeleg godt samvit.
Flest einstøingar
Samtala starta sjølvsagt ikkje der. Ho starta med bier , og den endå meir dramatiske kjensgjerninga om at talet på bier har krympa verda over. Det er, som du sikkert veit, skikkeleg dårleg nytt for planeten vår, som er avhengig av pollinering. Det er difor FN har innført ein internasjonal biedag no i mai, og det var i anledning denne me tok kontakt med entomolog og insektforskar Hallvard Elven ved Naturhistorisk museum.
Stilt ovafor innleiingsspørsmålet om korleis livet artar seg i ein «vanleg biekoloni», skjønte Elven at det var naudsynt å starte med ei heilt grunnleggjande oppklaring:
— Noko gjennomsnittsbie finst nok ikkje. Det er to hovudkategoriar av bier; dei sosiale, som det finst rundt 35 artar av i Noreg, og dei solitære, eller einstøingane om du vil, som det finst kring 160 artar av. Dei fleste kjenner nok best til dei sosiale biene; det vil seie honningbia og humlene, men det er dei andre drygt 200 biene våre som er spennande, sa Elven diplomatisk, og det var altså difor samtala på eit tidspunkt handla om humler – sjølv om dei fleste biene våre lever heilt aleine.
Ufortent rykte
Den sosiale slektningen til humla, honningbia, finst faktisk ikkje naturleg i norsk natur i det heile, og på våre breiddegrader er ho rekna som eit husdyr på line med sau. Fordi det finst så usedvanleg mange av dei, er honningbia likevel ein av dei viktige pollinatorane. Her er det altså verdt å merke seg «ein av». For sjølv om FN har dedisert 20. mai som biedagen, handlar den heller ikkje berre om bier. Dagen skal rette søkjeljoset mot pollinatorar verda over, og det inkluderer alt frå sommarfuglar til fluger og flaggermus og kolibriar. Dei er alle truga av menneskeleg aktivitet og treng tiltak som kan verne og beskytte både dei og oss mot ein full økosystemkollaps.
— Bier har fått eit rykte som dei viktigaste pollinatorane våre, men det stemmer nok ikkje heilt. Her i Noreg finst biene mest i låglandet, medan me har fluger over heile landet. Flugene kjem i eit enormt mangfald av artar, også nordpå og på fjellet, og er nok minst like viktige pollinatorar som biene, forklarte Hallvard Elven.
Medfødd matkorg
Ifølgje Artsdatabanken har me 1.133 artar av registrerte ville, pollinerande insekt i Noreg. Om lag 25 prosent av dei er oppført på Norsk raudliste for artar, og 16 prosent er klassifiserte som truga. Blant villbier og humler aleine, blinkar det endå sterkare raudt: 17 prosent er truga og nær 31 prosent står på raudlista.
Samstundes veit me at 75 prosent av alle matavlingar i verda og 35 prosent av det globale jordbruksarealet er heilt, eller delvis, avhengig av dyr som fraktar pollen frå ei plante til ei anna – akkurat slik rundt 90 prosent av villblomane i verda også er. Ofte er dei ulike pollinatorane spesialiserte på bestemde blomsterartar. Berre i Noreg blir meir enn 1.000 planteartar i naturen pollinert av insekt, og i 2013 hadde me pollinatoravhengige vekstar på om lag 87.000 dekar jordbruksareal.
— Når ei bie besøker blomar får ho automatisk pollen i pelsen, som ho kjemmer av med beina og samlar opp i pollenkorger etterpå. Biene har pollenkorger på beina, på brystet eller på magen. Når biene flyg vidare, har dei med seg pollenkorn som festar seg til dei nye blomane dei landar på. På den måten blir planta pollinert og utviklar frø som kan vekse til ei ny plante, forklarar Hallvard Elven.
Dominoeffekt
Trusselen mot dette livsviktige økosystemet er det altså me tobeinte som står for. Ettersom befolkningstalet og bebygde område i verda veks, krympar levemiljøet til pollinatorane. Legg til intensivt landbruk med tap av slåtteenger, utbreidd bruk av plantevernmiddel, forureining, nye sjukdommar og både tilvekst og fråfall av både planter og insektartar grunna klimaendringar, og du har oppskrifta på korleis me over tid dramatisk har redusert talet på pollinerande insekt. Døyr planter, døyr insekt, døyr fuglar …
Ja. Det er nesten så ein kan høyre gjennom telefonrøyret at Hallvard Elven ristar på hovudet. Viss utviklinga held fram, betyr det også at frukta, nøttene og mange av grønsakvekstane me treng for å ha eit balansert kosthald, i aukande grad kjem til å bli erstatta av basisvekstar som ris, mais og potet som ikkje treng insektpollinering.
Små dropar, stort hav
Kva løysinga er? Tja. Til liks med mange andre land, har Noreg utvikla ein nasjonal pollinatorstrategi , fortel Elven. I tillegg til å sikre levedyktige bestandar av humler, sommarfuglar, villbier og andre pollinerande insekt, er målet at planen skal føre til eit meir koordinert samarbeid mellom statleg, privat og frivillig sektor. Spørsmålet er om det er nok:
— Situasjonen for insekta blir stadig verre, og eg er usikker på kor mykje pollinatorplanane vil hjelpe. Når det kjem til stykke, er dei små tiltak i eit stort hav av negativ utvikling, seier Elven.
Det betyr ikkje at kvar og ein av oss ikkje bør gjere det me kan, understrekar han. Somme tiltak har også større effekt enn andre. Fordi dei fleste pollinerande insekt er heilt avhengige av blomsterrik mark, har tilrådingane for korleis bønder bør skjøtte slåttemark og naturbeite , stor overføringsverdi til alt frå hagar, gardstun, jernbanetrasear, grøftekantar, skulegardar og gravlundar, seier Hallvard Elven:
Kast flogesmekkaren
— Dropp ugrasmiddel og lat grasklipparen stå. Ein bør vente med å slå graset til blomstringa er over, tidlegast 15. juli, men gjerne seinare også. Helst bør det også stå att nokre centimeter slik at bladrosettar og låge blomar blir spart.
— Og så bør ein kanskje kaste flugesmekkaren først som sist?
— Ja. Ein bør aldri drepe insekt.
Elven humrar.
– … og det seier eg, som ikkje gjer anna enn å fange og studere dei og slik sett er ein massemordar.