nyhende

Fredag er det størst håp om sol i Sveio. Foto: Ellen Marie Hagevik
Fredag er det størst håp om sol i Sveio.

Mildare kystvêr, men først kaldare i Sveio

Resten av veka skal det stort sett vere opphaldsvêr i heile landet, ifølgje meteorolog Karen Jarstø Ervik ved Meteorologisk institutt.

Publisert Sist oppdatert

– Det blir ingen vêrvinnar fordi det skal vere greitt i stort sett heile landet. Det får vi jo vere glade for, seier ho til NTB.

Heile kysten frå sør til nord får noko mildare temperaturar frå torsdag av, medan det samtidig blir litt kaldare på Austlandet.

Ifølgje meteorologen kan det bli litt nedbør i kyststrøk i form av regn i Sør-Noreg og snø i Finnmark og blir ein roleg vêrsituasjon ut veka,

Først kaldare i Sveio

For Sveio sin del ser det ut at vêret ikkje blir så ulikt Austlandet. Onsdag ligg temperaturen på 5-6 grader, og det er herleg lite vind.

Torsdag melder Yr at temperaturen skal falla til mellom 1 og 2 grader, og det er eit lite håp om solgløtt. Får Yr rett blir det minusgrader frå natt til fredag og fram til i 10.00-tida fredag. Deretter er det venta at temperaturen til stiga til 4 grader, og det er enno større håp om sol enn torsdagen.

Kjølig blir det også på laurdagen før tempen stig til 4-5 grader. Søndagen ligg makstempertauren er venta å nå opp i seks grader.

Fram til lunsjtider søndag ser det ut til å bli opphaldsvêr og lite vind.

Framleis skiføre i fjellet

Sjølv om det blir mildvêr og nedbør enkelte stader i Nord-Noreg, kan du truleg framleis gå på ski der.

– Nedbøren fjernar nok ikkje skiløypene, seier Jarstø Ervik.

– På Austlandet veit eg ikkje om det framleis er skiløyper igjen, men i fjella skal det halde seg ganske likt, legg ho til.

Stille etter stormen

Sør- og Vestlandet vart i helga ramma av bombesyklonen Éowyn. Den førte mellom anna til at delar av oljeproduksjonen i Nordsjøen vart stansa.

Uvêret bles kraftig vind over Agder, Vestland og Møre og Romsdal, men etter stormen har det vore relativt fint vêr der – særleg på Nordvestlandet og nordover.

– Det nydelege vêret som er i Stad og opp til Å i Lofoten, minkar no, seier meteorologen.

Der som på resten av kysten, blir det mildt og kanskje noko rekn ut veka.

Powered by Labrador CMS