nyhende
Midt i Leio open for gjester
Den offisielle opninga skjer komande fredag, men alt frå i dag, laurdag vil Midt i Leio restaurant og bar i Sveio sentrum vera open for publikum, fortel eigaren Ömer Sariaslan.
– Me har ikkje annonsert desse første dagane, for me vil gjerne ha ein litt roleg start og sjå at alt er på plass og fungerer før me går breiare ut, opplyser Sariaslan.
Litt erfaring har han frå før og. Sariaslan driv allereie ein restaurant i Haugesund i tillegg til ingeniørjobben på Kårstø.
– Fritid? Nei, det blir det lite av, medgir han.
Sariaslan kjem frå Tyrkia, men fortel at kebab blir den einaste typisk tyrkiske retten på menyen til Midt i Leio. Elles blir det pizza, kylling, indrefilet og nokre mexicanske rettar. Serveringsstaden skal halda ope alle dagar så nær som måndag. Fredag og laurdag blir langdagar.
Midt i Leio får to fast tilsette frå starten, servitøren Bora Nayir og kokken Emre Kòsedag. Nayir fortel at han er ingeniørstudent i Noreg. Restaurantjobben er ein bijobb for han også.