NPK-NTB: – Det vil bli nedbør utover veka. Det er Vestlandet, Midt-Noreg og Nordland som kanskje får mest. Austlandet ligg litt i le for denne nordavinden, så der blir det lettare vêr utover veka. Der er det tysdag som er våtast, seier vakthavande meteorolog Magni Svanevik i Meteorologisk institutt til NTB måndag ettermiddag.
Frå måndag ettermiddag til tysdag morgon kan det komme 50 til 65 millimeter på 12 timar i sørvest.
– Grensen for å sende ut eit gult farevarsel, som er det lågaste av tre farenivå, går der. Det er ikkje veldig sjeldan at vi sender ut det, spesielt om hausten og vinteren, forklarer statsmeteorologen.
Mest intens nedbør er venta i indre strøk av Rogaland og i vestlege delar av Agder.
Styrtregn
For sørlege delar av Austlandet kjem det kraftig regn frå måndag kveld til tysdag ettermiddag. Dei lokale variasjonane er store i intensitet og mengd, og vêret kan endrast raskt. Meteorologisk institutt åtvarar om styrtregn.
Meteorologane opplyser at lågtrykket vil halde Skandinavia med selskap i fleire dagar. Dei fleste i Noreg vil få minst to dagar med regn denne veka, blir det meld.
– Lågtrykket vil styre vêret over heile landet. Det går vidare austover utpå onsdag og blir liggjande over Austersjøen. Då påverkar det vêret i heile landet. Det blir nedbør frå Troms og Finnmark og heilt sør til Rogaland, med vind mellom nordvest og nordaust, seier vakthavande meteorolog Magni Svanevik.