nyhende

Det ser ut til at me kan få sol frå blå himmel fleire dagar denne veka. Og typisk marsvêr: fint om dagen og blå grader om natta og morgonen.
Det ser ut til at me kan få sol frå blå himmel fleire dagar denne veka. Og typisk marsvêr: fint om dagen og blå grader om natta og morgonen.

Mest vårleg vêr på Vestlandet

Det ligg an til nokre fine vårdagar med sol i store delar av Sør-Noreg. Våren er i ferd med å setje preg i sør, medan Nord-Noreg må belage seg på litt meir vintervêr.

Publisert Sist oppdatert

– I grove trekk har vinteren sleppt taket i Sør-Noreg, seier statsmeteorolog Unni Nilssen til NTB.

Vi er inne i den første vårmånaden mars, ein månad som ofte er kjend for å kunne by på eit breitt spekter av vêr og temperaturar i skiljet mellom vinter og vår. For to år sidan vart mars ein tørr og rekordmild marsmånad med rekordar på ei rekke vêrstasjonar rundt om i landet.

Nilssen seier det ikkje er noko i langtidsprognosane som tilseier at vinteren vil gjere eit comeback i Sør-Noreg.

– Men oppe i nord er det framleis vinter. Der er det heller slik at dei må vente på våren, seier ho.

Vestlandet vêrvinnar

I heile Sør-Noreg er det venta nokre dagar med vårleg vêr med plussgrader på dagtid og enkelte stader ned mot minusgrader på nattetid. Dette er typisk for mars, med slike kontrastar mellom dag- og nattetemperaturane, seier Nilssen.

Og det er Vestlandet som ligg an til å få det mest vårlege vêret.

– Dei er nok vêrvinnaren, med ein god del sol og temperaturar opp mot ti grader fleire stader, seier Nilssen.

Det skal også vere sol på Austlandet fram mot helga, men då skyar det til, og det vil bli litt kjøligare. I helga blir dei årlege verdscuprenna arrangerte i Holmenkollen, noko som tidlegare år iblant har bydd på fyllefest og T-banekaos. Og det kan vere lurt å planleggje for at det kan bli noko kjølig i år med temperaturar i skiljet mellom pluss- og minusgrader.

Vinterleg mot nord

Også i Nordland vil det tidvis vere sol og fleire plussgrader dei kommande dagane.

– I helga ser det litt kaldare ut, men det blir nok mykje fint vêr likevel, seier Nilssen.

Nordover mot Troms og Finnmark er det derimot ingen teikn til vår. Vinteren held framleis eit godt grep om dei nordlegaste delane i landet, som kan vente seg temperaturar ned mot null med nedbør og sludd. Det kan føre til at blir ganske glatt fleire stader, seier Nilssen.

– Både i Troms og i Finnmark blir det nokså skya vêr, noko som nok kan opplevast litt surt. Det er nokså vinterleg, seier Nilssen.

(©NPK)
ketil.bjerke@ntb.noBilete: rGSm_BG1ZlU
Det blir nokre solfylte dagar framover i Sør-Noreg. Mot helga vil det derimot skye til fleire stader. Foto: Lars Thomas Nordby / NTB / NPK

Powered by Labrador CMS