nyhende
– Mest spørsmål om traséval
I absolutt innevêr presenterte prosjekt- og byggeleiar Andreas Ekrheim og leiar samfunnsutvikling Bente Marie Johansen planar som skal få fleire sveibuar ut på tur.
Begge er nøgde med oppslutninga om det todelte folkemøtet i Auklandshamn skule onsdag. Ekrheim var først ute med å presentera planane om turveg som skuleveg mellom Lien og Vestvik. Vestavind presenterte prosjektet sist veke.
– Det var mest turfolk og grunneigarar blant dei rundt 60 frammøtte, og det var også først og fremst dei som var målgruppa, fortel Ekrheim.
Måtte ha ein strek på kartet
Inntrykket hans er at folk i turmiljøet jamt over er nøgde, medan ein del grunneigarar hadde ein del spørsmål.
– Ingen var direkte imot, men det kom ein del spørsmål om traséval. Enkelte bønder var uroa med tanke på at beiteområde kan bli delte i to. Det må me ha forståing for, seier Ekrheim vidare.
Det kom også spørsmål om kvifor ikkje grunneigarane var kontakta på førehand. Til det var svaret at kommunen først måtte ha ein strek på kartet som utgangspunkt for samtalen.
Frå dagsturhytte til dagsturhytte
Johansen si oppgåve var å presentera turstiprosjektet «frå dagsturhytte til dagsturhytte», altså frå Nipaståvo til Golfståvo. Også her står det igjen å inngå avtale med nokre grunneigarar. Johansen håpar å ha alt klart slik at ho kan presentera ei sak til politisk behandling før sommaren.