nyhende

Varmt sjøvatn gjorde at lakselusa likte seg på Vestlandet i år. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Varmt sjøvatn gjorde at lakselusa likte seg på Vestlandet i år.

Mest lakselus på Vestlandet

Modellberekningar av lakselus viser at det var mykje lus i fjordane på Vestlandet i år også. Lengst nord og sør er det framleis lite lus i vassmassane, medan det varierer litt mellom år i andre område.

Publisert Sist oppdatert
NTB-NPK: – Modellberekningane gjer at vi kan finne ut kor høgt lusepresset er både langs kysten og i fjordane frå døgn til døgn, og dermed utfylle resultata frå feltarbeidet som gir punktmålingar akkurat når dei er gjennomført, seier Anne Sandvik på nettsidene til Havforskingsinstituttet.

Ho er oseanograf og ein av dei som er ansvarleg for modellering av lakselus ved instituttet.

Temperaturmålingane som blir gjort på tre meters djup på oppdrettsanlegga, viser at delar av våren 2021 var veldig varm, spesielt på Vestlandet. Varmt vatn medfører høgare smittepress.

– Av alle målingane som er gjort på anlegga dei siste ti åra, så var 2021 det året der det blei målt høgast temperatur i produksjonsområde 3 og 4 som dekkjer Vestlandet, seier Sandvik.

Miljøvariasjonar spelar inn

– Vi veit at variasjon i det fysiske miljøet, som temperatur, saltinnhald og straumforhold, i stor grad påverkar smittepresset. I område som ligg på grensa mellom to kategoriar i trafikklyssystemet til styresmaktene for oppdrettsnæringa, kan vind og straumforhold vere nok til at området hamnar i den eine eller den andre kategorien, sjølv om utsleppet av lakseluslarver er det same, forklarar Sandvik.

Sjølv om lakselus er ein naturleg parasitt som alltid har vore her, kjem mesteparten av lusene som no er i fjordane og langs kysten, frå oppdrettsanlegg for laks og aure.

– Mengda lakseluslarver som blir sleppte ut frå anlegga, varierer mykje gjennom året. Dette kjem både av at den lovpålagde lusegrensa i anlegga er 0,2 vaksne holus per fisk i ein periode om våren, og 0,5 vaksne holus resten av året, og ikkje minst den sterke sesongvariasjonen i vasstemperatur, seier Sandvik.

Situasjonen i sør og nord

Produksjonsområda 1, 8, 9 og 11–13 fekk alle grønt lys da Nærings- og fiskeridepartementet bestemte trafikklysfargen for dei ulike produksjonsområda i 2017 og 2019.

– I desse produksjonsområda viser modellane at det framleis er liten påverknad av lakselus på vill laksesmolt, seier Sandvik.

Men det er likevel enkelte fjordar/elvar som har høg påverknad innanfor desse produksjonsområda. Og nokre stader er det ein aukande trend i smittepresset frå lakselus.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS