nyhende

Merka fire muskelbuntar på 2,5 meter

På éi sommarveke merka Havforskingsinstituttet fire håbrannar på over 100 kilo.

Publisert Sist oppdatert

Ute på havet utanfor Vesterålen var det sterke krefter i sving då ein 2,5 meter lang hai på godt over 100 kilo beit på kroken tidlegare i sommar.

Havforskarane Keno Ferter og Otte Bjelland frå Havforskingsinstituttet (HI) såg på medan inspektør i Fiskeridirektoratets sjøteneste, Harald Knotten, sakte sveiva inn snøret frå 40 meters djup og gjorde seg klare til å merke sværingen.

Treng meir kunnskap

Denne sommaren var det første gongen at håbrann har vorte merka med både satellitt- og sporingsmerke i norske farvatn. Sporingsmerka gir forskarane høve til å spore haiane i sanntid så lenge dei er i overflata, medan satellittmerka loggar informasjon om djupn, temperatur, og lys, skriv Havforskingsinstituttet på nettstaden sin.

– Håbrannen er ein viktig predator, og vi treng meir kunnskap om desse store predatorane for å forstå heile næringsnettet og økosystemet i havet, fortel havforskar Claudia Junge, prosjektleiar for Sharks on the move som studerer vandringane til haien og korleis den overlappar med menneskeleg aktivitet.

Fleire enn venta

Haien skal først manøvrerast opp til overflata, og så heilt inntil båten. Der må han liggje trygt i ro, medan satellitt- og sporingsmerke blir festa til ryggfinna. Haiteamet har ein spesiell teknikk for å få haien opp frå botnen og inntil båten, slik at dei kan gjennomføre merkinga på ein skånsam og effektiv måte, skriv Havforskingsinstituttet.

– Frå vi har håbrann på kroken til vi er klar for å merke, går det gjerne ein halvtimes tid. Når haien kjem til overflata, går framleis båten, og vi passar på at det er god avstand til haien i starten. Når vi får den nærare, blir propellen slått av, slik at vi ikkje risikerer at haien blir skadd av blada, forklarar Ferter.

Haitelefonen blir halde open

Haitelefonen som HI lanserte før sommaren har til tider gått varm, og tipsa frå folk som observerer brugde og håbrann er gull verd for merketeamet. Ferter seier til nettstaden at tipsa frå publikum har vore uvurderleg og bidrege til at dei har merka langt fleire haiar enn venta.

Sjølve håbrann-toktet er avslutta for i år, men forskarane ser ikkje bort frå at fleire håbrannar blir merka utover hausten. Haitelefonen, 55 23 85 60,  blir difor halde open, og ein kan leggje igjen beskjedar i taleboksen.

Powered by Labrador CMS