nyhende

Menn kan vera veldig opptekne av jobb og karriere, så fallhøgda kan bli stor når dei pensjonerer seg og mistar den identiteten. Kanskje blir livet heilt annleis om dei blir enkemenn og flyttar til mindre bustad med alderen, vekk frå kjende nabolag. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK
Menn kan vera veldig opptekne av jobb og karriere, så fallhøgda kan bli stor når dei pensjonerer seg og mistar den identiteten. Kanskje blir livet heilt annleis om dei blir enkemenn og flyttar til mindre bustad med alderen, vekk frå kjende nabolag.

Menn over 80 år særleg utsette for depresjon

Dei siste tretti åra har andelen eldre som lid av depresjon, vorte gradvis mindre. Men nedgangen gjeld ikkje menn over 80 år, særleg ikkje dei som er einsame.

Publisert Sist oppdatert

Det viser ein norsk studie som har følgt 22.822 personar over 70 år over ein periode på 24 år, frå 1995 til 2019.

Forskarane har brukt data frå tre av dei store helseundersøkingane i Nord-Trøndelag (HUNT). Andelen eldre deltakarar som hadde depresjon, var nær 17 prosent i 1995. Vel ti år seinare var andelen redusert til rundt 15 prosent, medan han var 11,5 prosent i åra rett før covid.

– Vi blei litt overraska

– Men for dei eldste, dei over 85 år, var det ikkje same nedgangen. Vi vart litt overraska over kor mange tilfelle av depresjon vi fann særleg blant einsame, eldre menn, seier seniorforskar Maria Lage Barca ved Nasjonalt senter for aldring og helse til NTB.

I den siste undersøkinga leid over 20 prosent av mennene og vel 17 prosent av kvinnene over 85 år av depresjon.

Studien vart publisert i det medisinske tidsskriftet PLOs One tidlegare i år.

Går under radaren

Barca er også overlege ved alderspsykiatrisk poliklinikk ved Oslo universitetssjukehus (OUS). Ho meiner einsemd bidreg til meir depresjon.

Meir enn halvparten av alle menn over 85 år som kjenner seg einsame, var deprimerte. For kvinner er det tilsvarande talet 35 prosent.

Sjølv om såpass mange einsame menn oppfyller kriteria for depresjon, ser dei kanskje ikkje på seg sjølve som deprimerte.

– Difor er dette kanskje ei gruppe som har gått litt under radaren, seier Barca.

Ho påpeikar at utfordringane for kvinner har komme fram gjennom kliniske studiar gjennomførte på behandlingsstader, til dømes der dei har gått for å få hjelp.

– Men menn tek i mindre grad kontakt med hjelpeapparatet og helsestellet når dei slit psykisk, seier Barca.

Når livet blir heilt annleis

Alderdom medfører naturleg nok store endringar, nokre av dei er kanskje spesielt tøffe psykisk for menn.

– Vi ser at kvinner opp gjennom livet er flinkare til å halda oppe nettverk, halda kontakt med nye og gamle venner og familie, og at dei har dette med seg vidare når dei blir eldre, seier Barca.

Kvinner er generelt flinkare enn menn til å halda oppe nettverk, halda kontakt med nye og gamle venner og familie, og har dette med seg vidare når dei blir eldre. Dei tek også meir initiativ til å treffa andre og følgja opp interesser.

– Menn fokuserer veldig mykje meir på jobb og karriere, så fallhøgda er større når dei pensjonerer seg, mistar den identiteten og kanskje også blir enkemenn, seier ho.

Kanskje flyttar ein også til mindre bustad med alderen, vekk frå kjende nabolag.

I studien er samanhengen mellom depresjon og einsemd tydeleg, og Barca meiner det er her vi må ta tak: i einsemda.

– Resultata våre viser at det ikkje er det å bu åleine i seg sjølv som er knytt til depresjon, men det å kjenna seg einsam, seier Barca, som påpeikar at dette er ein viktig skilnad.

Tiltak for einsame

Ifølgje forskarane kan talet på eldre med depresjon nesten dobla seg innan 2050 fordi det blir fleire eldre – og einsame – i befolkninga. For å førebyggja dette må samfunnet og enkeltpersonar vera meir merksame på at mange kan kjenna seg einsame og setja inn tiltak. Både helsepersonell og andre i kontakt med dei eldre bør vera meir merksame på dei som er isolerte og mykje åleine.

Mange initiativ og tiltak for eldre er i dag starta av og tilpassa kvinner.

– Eldresenter, frivillige organisasjonar og dagsenter kan oppfattast som grupper der dei snakkar om «dameting», seier Barca.

– Eg trur det er viktig å finna tiltak som rettar seg mot menn, at vi har grupper som snakkar om ting som interesserer menn og gjer at dei vil delta.

Kjensla av at ein ikkje lenger er den ein ein gong var, kan vega tungt i alderdommen. Det blir ikkje betre i eit samfunn som ikkje anerkjenner at eldre menneske har ein verdi.

I samfunnet er det foreslått å styrkja besøkstenester og skapa gode lokal- og bumiljø med aldersvariasjon. Som medmenneske bør vi også alle kunna bidra.

– Kanskje er det nokon i omgangskrinsen som verkar som dei greier seg fint sjølv åleine. Men ver litt klar over at det kan vera ein som slit litt psykisk. Ofte skal det ikkje meir til enn at ein tek seg litt tid, ringer og spør korleis det går, kanskje inviterer ut på ein liten tur eller ein lunsj, seier Barca.

Ho minner om konseptet «åtte minutt er nok».

Ta den samtalen

For to år sidan presenterte New York Times konseptet «den løynde krafta i ein åtte minutts telefonsamtale », basert på verdas lengste vitskaplege studie om lykke frå doktor Bob Waldinger ved Harvard University.

Ideen er å tenkja på ein person ein står eller har stått nær, ein du skulle ønskja du hadde oftare kontakt med. Så sender ein ei melding, seier at «no er det altfor lenge sidan sist» og spør om de ikkje kunne ta ein prat. Deretter tek ein den samtalen.

Det skal etter seiande ikkje meir til enn åtte minutt før ein plukkar opp tråden, kjem forbi standardfrasane og opnar seg, noko som kan kjennast svært godt.

Ein studie publisert i Jama i 2021 viste kor stor positiv effekt dette hadde på depresjon, einsemd og angst hos 240 vaksne som regelmessig fekk slike vennlege telefonsamtalar, samanlikna med ei kontrollgruppe som ikkje fekk slike empatiske oppringingar.

Powered by Labrador CMS