nyhende
Melding om ein sjuk skarv i Sveio
Finnmark har eit stort utbrot av fugleinfluensa, og smitten er på veg sørover. Mattilsynet har påvist fugleinfluensa på ein fugl som vart funnen i Sandane.
I Sveio har kommunen så langt fått melding om ein sjuk skarv. Smitten er truleg på veg sørover, og finn ein sjuke eller daude fuglar bør kommunen varslast enten på e-post eller telefon til servicekontoret.
Ved funn av ein enkelt død fugl, kan ein fjerna den sjølv. Det er då viktig ikkje ta på sjuke eller daude fuglar. Bruk eingongshanskar eller plastpose. Ved fjerning av ein enkelt fug, skal den leggast i tett pose i hyttekonteinererar i kommunen, står det på nettsida til Sveio kommune.
Folk blir også oppfordra til ikkje å ferdast der det er ein del villfugl. Kjem det endringar i situasjonen, vil dette blitt oppdatert på nettsida til Sveio kommune.
Meir infomasjon om fugleinfluensa finn du på Mattilsynet.no.