Til helga er det venta full storm på Vestlandet sør for Stad og Sunnmøre. Det er mellom anna meldt lokalt kraftige vindkast 30–37 meter i sekundet.Illustrasjonsfoto: Ole Martin Wold / NTB / NPK
Melder full storm på Vestlandet
Det blir òg venta kraftig vind først kommande helg. Laurdag melder meteorologane nordvest full storm på Vestlandet sør for Stad og Sunnmøre.
NPK: – Det er venta lokalt kraftige vindkast på 30–37 meter i sekundet, med moglegheit for svært kraftige vindkast på 38–43 meter i sekundet. Vinden er først venta å auke i Rogaland, og utover laurdagskvelden òg i Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Det blir tilrådd å sikre lause gjenstandar og unngå unødvendig ferdsel på utsette stader, skriv Meteorologisk Institutt.
Austafjells blir det òg venta mykje vind. Frå laurdag ettermiddag til søndag morgon blir det venta kraftige vindkast frå nordvest, 22 til 27 meter i sekundet.
Samtidig skriv Varsom.no at det er stor fare for snøskred i Trollheimen, Romsdal, Sunnmøre, Indre Fjordane, Jotunheimen, Indre Sogn, Voss og Hardanger frå torsdag til og med laurdag.
Dei tilrår at ein unngår område der vinden dannar ustabile fokksnøflak