nyhende

Neste Vestavind blir distribuert av Posten. Hugs å melda frå om endringar i adresse eller andre ting snarast.
Neste Vestavind blir distribuert av Posten. Hugs å melda frå om endringar i adresse eller andre ting snarast.

Meld frå om du ikkje har fått avis

Frå og med 11. mars er det Posten som leverer Vestavind. Det betyr mellom anna at har du postkasse til berre avisa, vil du ikkje få den levert der lenger. Det er også viktig at postkassar har tydeleg namn og adresse.

Publisert Sist oppdatert

Posten leverer aviser i den postkassen eller postboksen du har di faste adresse. Det betyr til dømes at om du får vanleg post i postboks og avisa i eigen postkasse, leverer Posten avisa til postboksen din – om du har sørga for at Vestavind har fått registrert den på abonnementet ditt.

Dette gjeld også om du får levert andre aviser enn Vestavind. Då må du melda frå til respektive aviser om adresseendring.

Merk postkassane

Me oppfordrar alle til å melda frå om endringar i adresser eller andre ting seinast måndag ettermiddag til post@vestavind-sveio.no. Tysdag morgon blir abonnementslistene gjennomgått og filer sendt til pakkeriet og Posten.

Både me, Posten og pakkeriet på Stord vil gjera det me kan for at det skal bli ein best mogeleg overgang. Då er me mellom anna avhengige av at postkassar er godt og rett merka med både namn og adresse.

Meld frå om du ikkje får avisa

Samstundes minner me om at avisa ikkje lenger kjem før klokka 07.00, men blir distribuert av Posten mellom klokka 08.00 og 17.00. På mange av rutene vil avisa vera i postkassen innan 15.00.

Får du ikkje avisa torsdag 14. mars, er det viktig at du melder frå til oss. Har du fått annan post, men ikkje avisa, skulle avisa ha vore i postkassen. Meld frå snarast om manglande avis, og helst før fredag klokka 12.00.

Ring 53 74 01 80 mellom 08.00 og 15.30, eller send ein e-post til red@vestavind-sveio.no.

Powered by Labrador CMS