nyhende
Meld frå når du kjører på dyr
På knappe to veker er sju rådyr påkjørt av bil i Sveio. Er du uheldig og kjører på eit dyr, er det viktig å melda frå til politiet med ein gong. Merk også staden dyret blei påkjørt. Det spara dei som skal ut på søk for mykje tid.
Av dei påkjørte rådyra er alle dei fem som er spora opp bukkar. Dei to andre var truleg mindre skada og er ikkje funne igjen.
– Bukkane er no travelt opptekne med å gå opp grenser og markera territoria sine. Vanlegvis ser ein rådyr morgon og kveld, men no held bukkane på heile døgnet. Dette skjer kvar vår på denne tida, og toppar seg rundt 17. mai. Så kjem det ein ny runde i slutten av juli når det er parringstid, seier Eirik Østerhaug.
Påbode å melda frå
I Sveio er det han og Helga-Mari Tessem som er med i Sporhundsentralen og blir tilkalla når det er påkjørslar av hjortedyr. I desse tider skjer det både midt på dagen og nattestid. Å kjøra på rådyr eller hjort kan skje kven som helst, og ingen blir straffa for det. Men det er ulovleg å ikkje melda frå. Er uhellet ute, skal ein ringa politiet på 02800 med ein gong. Det gjeld påkjørsel av alle artar dyr.
– Anten dyret er dødt, ligg skada i vegkanten eller har klart å springa sin veg, gjer det jobben vår mykje lettare om ein merkar i vegkanten kvar påkjørselen skjedde og kvar dyret sprang vidare. Ein påkjørsel skjer alltid fort, men prøv å hugsa kvar du traff dyret, om du såg skadar, på kva side av vegen det eventuelt sprang ut, kort stort det var og informer politiet om dette, oppmodar Østerhaug.
Vaksne rådyr er 110-115 cm frå hale til nasetipp. Hjorten er omtrent dobbelt så stor, og ein vaksen bukk har ei kroppslengde på 230-250 cm.
Trekk unna skadde dyr
At den som kjører på dyret merkar godt, er også viktig for tryggleiken til dei som skal på søk. Den farlegaste delen av jobben er den som blir gjort langs vegen. Ikkje alle tar omsyn og sakkar på farten og svingar unna, sjølv om dei ser ein bil med naudblink og folk med vest og lykt.
Å sjå eit skada dyr, får dei aller fleste til å villa hjelpa. Men omtanken din er ikkje alltid til hjelp for dyret.
– Eit påkjørt rådyr har både smerter og er ekstremt stressa. Det gjer berre vondt verre om ein oppheld seg ved dyret. Det er flott om du har tid til å venta til me kjem. Det beste du kan gjera då, er å setja naudblink på bilen og vera i den til me tek over, seier Østerhaug.
Kan gå langt
Skadd hjortevilt kan koma seg utruleg langt unna ulukkesstaden. Eit søk kan vara frå 10 minuttar, der ein finn dyret like i nærleiken av vegen, til fleire døgn.
– Den eine av dei sist påkjørte bukkane spora me til eit vatn der den hadde svømt over. Me måtte går rundt heile vatnet før me me fann han, fortel Østerhaug.
Når dei skadde dyra er funne, blir dei raskt avliva for å avslutta lidingane deira. Men nokre klarer å lura seg unna lenge. I Valevåg går det ein hjort med knekt fot og i Førde eit rådyr med knekt fot. Østerhaug ber om at folk melder frå om dei ser desse dyra.
Respekter bandtvangen
Ei siste oppmoding er å respektera bandtvangen og la «forlatte» rådyrkje og hjortekalvar vera i fred.
– Våren og forsommaren er tid for kalving, og det gjeld å la dyra får mest mogeleg ro og fred. No er det generell bandtvang, og alle hundar skal vera i band. Er ein på tur og kjem over rådyrkje eller hjortekalvar, la dei ligga og gå roleg unna. Det er svært sjeldan at kje eller kalvar er forlatne av mora. Dei ligg og trykker og blir flytta av mora når folk har gått sin veg, seier Østerhaug.
Og for all del: Klapp ikkje på kjeet eller kalven uansett kor søte dei er. Lukta du då overfører til dyret kan føra til at mora avviser det.