nyhende
Generelt bålforbod frå 15. april til 15. september:
– Meld frå i tide om uhellet er ute
Måndag 15. april inntrer det generelle forbodet mot å tenna opp bål eller bruka eingongsgrillar i skog og mark. Forbodet varer fram til 15. september.
– Sjølv med dette generelle forbodet, er det unntak, seier brannsjef Dag Botnen ved Haugaland Brann og Redning.
Det er lov å gjera opp eld og grilla pølser, for eksempel, på stader der det heilt tydeleg ikkje er fare for spreiing av elden. Det kan vera på svaberg eller på godkjende bålplassar som finst rundt om i kommunane, seier Botnen.
Brannar kvart år
– Det aller viktigaste er at den som tenner opp bål, ikkje må forlata staden før elden er sløkt. Då må det vera tilgang på vatn. Om ikkje kan elden blussa opp igjen ved litt vind seinare på dagen. Og skulle uhellet vera ute, er det viktig med tidleg varsling. Ring 110 før elden har fått overtak, er det klare rådet frå brannsjefen.
Han fortel at Haugaland Brann og Redning kvar sommarsesong rykkjer ut til brannar som har oppstått på grunn av bålbrenning.
– Det som går igjen er at dei som har tent opp, meiner dei har erfaring og veit kva dei gjer. Det er ikkje om å gjera å tøya grensene, seier brannsjefen.
– Registrer sankthansbålet
Dei same reglane gjeld også for sankthansbål når den tida kjem. Ved særleg stor brannfare kan brannvesenet leggja ned totalforbod. Elles er det om å gjera å velja trygge stader for bålbrenning, og dessutan registrera planlagt bålbrenning hos brannvesenet. Dette må alle gjera.
– På 110-sentralen si nettside er det mogleg å registrera sankthansbål og anna brenning. Dersom det då kjem meldingar frå folk som er redde for brann, har me namn og telefonnummer til den som har registrert og kan ringja og sjekka om alt er i orden.
Kan få konsekvensar
Brannar som oppstår ved uhell blir ikkje melde til politiet av Haugaland Brann og Redning.
– Men politiet har andre reglar enn oss og kan sjølve velja å melda. Ved storbrannar vil det også vera aktuelt for forsikringsselskapa å krevja regress. Aktløyse kan såleis få konsekvensar, minner Botnen om.