nyhende

Det går mykje i vald og truslar:

Mona L. Hammerfjeld, fungerande leiar, Konfliktrådet Sør-Vest.
Mona L. Hammerfjeld, fungerande leiar, Konfliktrådet Sør-Vest.

Mekla i saker frå både politi og private

Vald og truslar er den største kategorien i sakstatistikken, Konfliktrådet Sør-Vest behandla 38 færre saker i 2020 enn året før. I perioden har det ikkje vore oppfølging av ungdom i Sveio, men det har vore meklingssaker frå politi og sivile saker frå publikum

Publisert Sist oppdatert

Då landet stengte ned, gjekk Konfliktrådet Sør-Vest over til å mekla via digitale plattformar. Partane i alle typar saker har fått valet om å møtast digitalt, eller avventa til fysiske møte kunne haldast.

687 saker er mottatt i 2020, pandemien er ei av årsakene til nedgangen (-29%) i talet på straffesaker. Sivile førespurnader frå publikum er på omtrent same nivå som fjoråret, med ein liten auke på 11%. Dette blir opplyst i ei pressemelding.

Forventar auke

– Når samfunnet er meir normalisert igjen, forventar me at straffesaker frå politidistriktet òg vil auka. Potensialet er stort og me ønskjer at endå fleire skal få tilbod om møte hos Konfliktrådet for å få snakka med kvarandre om krenkinga eller konflikten som dei har opplevd eller står i, står det i meldinga.

Dei får ei moglegheit til å sjølv bestemma resultatet i saka, og dessutan sett eigne ord på opplevingane sine.

Tjuveri og konfliktar

Type saker me har mest av, er vald og truslar. Dette omfattar òg vald i nære relasjonssaker.

Så er det mindre tjuverisaker, familiekonfliktar og nabokonfliktar. Familiekonfliktar er ofte viste til oss via barnevernet. Nabokonfliktar kjem som oftast frå publikum, ein av naboane kontaktar oss og vi kontaktar motparten.

Ungdommar

5 ungdommar vart idømt ungdomsstraff i Rogaland fylke førre år, medan 72 ungdommar har fått ungdomsoppfølging. Dei hyppigaste lovbrota dreier seg om truslar, vald, seksuallovbrot og narkotika.

– Her har me ønskt ei tilnærma normal straffegjennomføring på trass av covid-19, og det har vore øvste prioritet hos ungdomskoordinatorane og dei sentrale samarbeidspartane, seier Hammerfjeld.

To meklar i Sveio

Når det gjeld lokale opplysningar, kan ikkje sakssystemet til konfliktrådet ta ut tal på kommunar.
– Eg kan seia at me ikkje har hatt ungdomsoppfølgingar i Sveio, men meklingssaker har me hatt frå politi og sivile saker frå publikum, fortel Hammerfjeld.

Konfliktrådet Sør-Vest har 55 meklarar, og det er Jan Arild Nesse (Stord) og Arild Grasdal (Bømlo) som meklar saker i Sveio.

Powered by Labrador CMS