nyhende
Meir utgreiing før legeorganisering
Fleirtalet i formannskapet vil sjå organisering av legetenesta i Sveio i ein større samanheng og ber om fleire utgreiingar. Mindretalet gjekk for tilrådinga frå hovudutval helse/omsorg.
Det var Rune Teikari (Frp) som la fram det forslaget som fekk fleirtal på vegne av sitt eige parti, Høgre, KrF og Sp. Her blir rådmannen beden om ein moglegheitsstudie for bygningsmasse på SOS, heimetenesta og bustader, omsorg og framtidig organisering av legetenesta i samanheng. Rådmannen blir beden om ein overordna plan for korleis desse områda heng saman og påverkar kvar andre.
Når den overordna planen er på plass, vil forslagsstillarane ha utgreiing om legetenesta med fokus på større legefellesskap, men der det også blir vurdert å oppretthalda legetenesta i Førde.
– Nok utgreiing
– Dette er eg heilt usamd i. Me må sjå på organisering av legetenesta no, sa Linn Therese Erve (Ap).
Ho gjekk dermed inn for fleirtalstilrådinga frå hovudutval helse/omsorg, som også er likt rådmannen sitt forslag.
Ved avstemminga fekk Erve støtte frå Asle G. Halleraker (TvF). Resten stemte for fleirtalspartia sitt forslag.
– Målet er ikkje nedlegging
Bakgrunnen for denne saka er at dei kommunalt tilsette legane ønskjer eit større fagleg fellesskap. Rådmannen har difor tilrådd ei utgreiing om korleis dette kan gjennomførast.
Forslaget har ført til ein del uro og frykt for at legekontoret i Førde kan bli lagt ned. Rådmann Jostein Førre og kommunalsjef helse/omsorg Ingunn Toft har difor presisert overfor Vestavind at målet frå deira side ikkje er nedlegging.
Derimot ser dei for seg ei løysing med færre kontordagar i Førde slik at legane nokre dagar i veka kan arbeida saman på eit større kontor der det også kan bli plass til studentar.