nyhende
Meir pengar til vegvedlikehald
Vestland fylkeskommune styrkar samferdslebudsjettet med ein halv milliard ekstra til praktisk vegvedlikehald. Det er klart etter semje mellom samarbeidspartia Ap, Sp, MDG, SV, KrF og Vesnstre.
Vestland fylke har ansvar for 5600 km med fylkesveg, 2083 bruer, 287 tunnelløp og 76 ferjekaiar. Det er stort behov for vedlikehald og tryggare vegar.
— Dersom me ikkje aukar dei årlege løyvingane vil det ta om lag 70 år før ein får lagt ny asfalt i heile fylket. Fleire bruer står i fare for å verta stengt. Ferjekaiane må oppgraderast til nye ferjer. Med meir ekstremvêr aukar rasfaren. Folk sine kvardags- og næringsvegar må tryggjast, seier Sigrid Brattabø Handegard (gruppeleiar Sp) og Arve Helle (gruppeleiar Ap), i ei pressemelding.
Stort behov
Dei meiner at det er eit stort behov for å prioritere vegvedlikehald og sikring i Vestland fylke.
— Etter vårt syn må det prioriterast på ein slik måte at me får mest mogeleg trygg veg for pengane seier Handegard og Helle.
Dei meiner at ein må tenkje praktisk.
— Sjå lengre strekningar under eitt og gjennomføre mindre punktutbetringar som kan bety mykje for sikkerheit og framkomme. Fjerne ein bergnabb her, lage ein ekstra møteplass der, kombinert med ny asfalt. Og fet er viktig med ein god dialog med kommunane om tiltak som ikkje krev omfattande planlegging, og som kan gjennomførast på kort sikt. Det er viktig å få pengane i arbeid raskt, seier Handegard og Helle.
Håpar på brei støtte
Samarbeidspartia vil prioritera vegvedlikehald i neste års fylkesbudsjett, og håpar på breiast mogeleg støtte i fylkestinget til ein solid vedlikehaldspakke.
—Vi treng ei stor satsing på praktisk vegvedlikehald som kan tilpassast den lokale og regionale entreprenørmarknaden. Ei slik satsing vil òg vere viktig for ei entreprenørnæring som kan merka «tørke» når store investeringar vert utsett, meiner dei.
Midlane skal kunna brukast fleksibelt til både drift og mindre investeringstiltak.
— Det er viktig at pengane vert sett i arbeid so snart som mogleg! Vi føreset at midlane i vegpakka skal vera nytta innan utgangen av 2025 avsluttar Handegard og Helle.