nyhende

Meir pengar i bøssene i år

Enno manglar det ein del tal, men det ser ut til at det blir samla inn meir pengar til tv-aksjonen i år enn i fjor. Til dømes har næringslivet gitt dobbelt så mykje som i fjor.

Publisert Sist oppdatert

Bidrag frå næringslivet i Sveio

Alle bidrag er likeviktige, og lista er sortert frå siste til første givar.

  • Byggmester Lars Osa, 500
  • Hauken Eiendom AS, 500
  • Helifuel AS, 5.000
  • Håvardsholm Maskin AS, 2.000,-
  • J. Kvalvågnes AS, 2.500
  • Millimeter AS, 500
  • Mundalen AS, 1.000
  • NGS Maskin AS, 500
  • Pettersen Autospa AS, 2.000
  • Sveio Byggsenter AS, 1.000
  • Tor G. Thuestad Drift AS, 2.000
  • Sveio kommune, 10 000
  • Sveio Senter, 10 000
  • Birkeland Maskin AS, 5 000
  • Birkeland og og Tyse Bergsprenger AS, 5.000
  • Bjelland Elektro AS, 1.000
  • Catering Spesialisten AS, 1.000
  • Fjon Bruk AS, 5.000
  • Frøvik Elektro AS, 2.000
  • Førde Auto AS, 1.000
  • Geir Flatnes AS, 1.000
  • Habitat Investering AS, 5.000
  • Haukås Bensinstasjon, 2.000
  • Haukås Bilverksted AS, 2.500
  • Last Haugesund AS, 1.000
  • Norsk Lek og Park AS, 1.500
  • Nygård Tak AS, 1.000
  • Sunnhordland Planteskule, 5.000
  • Sveio Blomster og Gaver AS, 2.500
  • Vestavind, 1.000

Sjølv om ein del husstandar ikkje har fått besøk i ettermiddag, kunne teljegjengen i Haugesund Sparebank kvittera for 73.747 i setlar og myntar frå bøssene. Det er nesten 14.000 kroner meir enn i fjor. Vipps til bøssene er ikkje kome med enno på tv-aksjonen si oversikt.

Og om bidraget frå næringslivet i Sveio set standard, vil årets totalsum bli godt over fjoråret. I skrivande stund er det registrert bidrag for 70.985 kroner frå næringslivet. Det er dobbelt så mykje som i fjor.

Ikkje alle fekk besøk

52 bøsseberarar var i sving tidlegare i dag. Det betyr at ikkje alle husstandar i kommunen har fått besøk, men både private og bedrifter kan framleis gi. Det gjer du her.

– Det er flest vaksne som har gått med bøsser, men også ein del ungdommar. Ein må vera 18 år for å få lov til å gå. Og så er det ein del barn som har vore med dei vaksne. Dei aller fleste er blitt veldig godt tatt imot, men nokre blei møtt med at dette kunne vera svindel etter oppslag i nasjonale medier, seier Elisabeth Staupe i Frivilligsentralen. Ho har hatt ansvaret for tv-aksjonen lokalt dei siste dagane.

Svindlarar med falske bøsser har det heldigvis ikkje vore mange av, og ingen lokalt. Den mest omtala saka frå Hokksund viste seg å vera skuleelvar som hadde fått løyve av kommunen til å samla inn pengar.

Dette går pengane i årets tv-aksjon til.

Stor givarglede

Ordførar André Mundal Haukås (H) har vore fast bøsseberar, men ikkje i år. Valestrand kyrkje feira 150-årsjubileum med festgudsteneste og deretter festmiddag i Ørevik i dag, og det måtte prioriterast denne gongen. Men han rakk å få med seg oppteljinga i Haugesund Sparebank.

– Det var kjekt å sjå mange blide folk både med bøsser og dei som har stått på i banken. Me ligg framfor fjoråret førebels, og det er fantastisk å høyra om givargleda i kommunen frå dei som har vore ute med bøsser. Dei er venta, og ein heil del har teke ut pengar for å legga kontantar på bøssene, sjølv ein kan gi med Vipps. At næringslivet har gitt dobbelt så mykje som i fjor, er også veldig gledeleg, seier Haukås.

Manglar enno ein del

No blir det å venta i spenning på det endelege talet. Det vil ta nokre dagar før det er klart, men klokka 19.30 søndag er det så langt registrert 155.973 kroner. I fjor blei resultatet 309.989 kroner då alt var talt opp, og mykje tyder på at det blir meir i år.

Powered by Labrador CMS