nyhende
Meir kompensasjon til frivillige i Sveio
Vestavind har presentert liste over frivillige lag og organisasjonar som har fått kompensasjon frå krisepakkar som følgje av korona. Det viser seg at det var nokre fleire me kunne ta med på lista. Dei er ikkje registrerte i Sveio, men har tilknytning til vår kommune.
| Haugesund KFUK og KFUM | Vigdarheim: Utleige av leirstad, vårfest | 44 325 |
| Haugesund og Sveio skyttarlag | Utleige av skyteanlegg til Forsvaret (2), stort frafall av jegere som ikkje treng oppskyting til jegerprøve grunna covid-19 restriksjonar, kansellert åpent banestevne | 65 800 |
| Norsk Luthersk Misjonssamband | Solgry: Bryllaup (2), Familieweekend (4), ulike dagsarrangement, langweekend for vaksne, kiosksal | 289 310 |
| Totalt | 399 435 |
Ryvarden krets av Norges speiderforbund skulle også hatt festivalleir og leiarkurs og kurs for speidarar på Lier i Førde, og har fått 17 500 kroner i kompensasjon sidan dette måtte utgå.