nyhende
Meir enn 80 personar har spleisa på nærbutikken si straumrekning
Då Eli Støle Sørvåg leste i Vestavind at nærbutikken i Auklandshamn frykta at dei måtte stenge grunna skyhøge straumrekningar, fekk ho ein idé. No har meir enn 80 personar bidrege med til saman 26.500 kroner til butikken.
Eli Støle Sørvåg bor på Vormedal i Karmøy, men familien har hytte i Auklandshamn. Difor følgjer ho også Vestavind på Facebook. Der kunne ho torsdag lese om Åse Marie Økland, som fortvilte etter at nærbutikken ho driv i Auklandshamn hadde fått ei straumrekning på meir enn 33.000 kroner berre for desember månad, mot normalt rundt 9.000 kroner.
— Saken opprørte meg. Og eg tenkte at nokon gonger held det ikkje berre å gå rundt å snakke om ting, utan at det skjer noko. Ein må gjere noko, seier ho.
— Eit nytt brøl
Som sagt så gjort. Ho hadde høyrd om den digitale pengeinnsamlingstenesta Spleis, og føreslo for mannen sin å opprette ein innsamlingsaksjon.
— Han syntes det var ein god idé, og då var me i gong, fortel ho.
På kort tid var innsamlingsaksjonen sett opp på nett. Lenka vart delt på Facebook, og så byrja snøballen å rulle.
— Då eg la meg torsdag kveld var det innsamla beløpet allereie oppe i 15.000 fortel ho.
Fredag ettermiddag hadde nesten 80 personar gitt til saman 25.000 kroner til inntekt for Auklandshamn Dagligvare AS. Både bygdefolk i Auklandshamn og andre har bidrege.
Laurdag hadde talet passert 80, og innsamla beløp var oppe i 26.500 kriner.
Sørvåg er imponert over givargleda, og samanliknar bygdefolket sitt engasjement for nærbutikken sin med NRK sin dokumentar «Brølet frå bygda» om den betente skulesaka i Sveio i fjor.
— Dette er eit nytt brøl frå bygda, slår ho fast.
— Tårane pipla
Butikkinnehavar Åse Marie Økland i Auklandshamns Dagligvare AS er rørt over initiativet Sørvåg har tatt, og fortel at tårene har pipla over responsen aksjonen har fått.
— Me er utruleg heldige her me bur, og dette viser berre for ein fantastisk plass Auklandshamn er, seier ho.
Ho sei ho set stor pris på hjelpa butikken no får, men legg til at hennar butikk berre ein av mange som har problem grunna straumpris-sjokket.
— Me håpar me skal klare oss, men er avhengige av at det kjem ei støtteordning for distriktsbutikkane, seier ho.
At det ikkje er berre butikken i Auklandshamn som slit med skyhøge straumrekningar kan innehavar av Nærbutikken i Valevåg, Laila Vikse Lie, slå fast.
Krev ny straumpolitikk
Eli Støle Sørvåg seier at ho synes konsekvensane som dei høge straumprisane gir for både vanlege folk, frivillige organisasjonar, bønder og lokalsamfunn som står i fare for å miste bygda sin dagligvarebutikk, er skremmande.
— Politikarane burde ha sett heile bildet når dei innførte straumpolitikken me har i dag, meiner ho.
Ho har sjølv vakse opp i Tysvær, og veit verdien nærbutikken i Slåttevik har for lokalsamfunnet der.
— Butikkane, både i Auklandshamn og mange andre stadar, er særs viktige samlingspunkt for små lokalsamfunn, både for fastbuande og hyttefolk, seier ho.
Samtidig peikar ho på at pengane som no blir samla inn til butikken i Auklandshamn berre blir eit plaster på såret.
— Når plasteret blir reve av, vil det halde fram med å blø, om ikkje straumpolitikken blir endra. Eg håpar politikarane snart tar til fornuft, seier ho.
Som Vestavind skreiv torsdag, jobbar leiinga i den statlege Merkur-ordninga med å kartlegge konsekvensane som den høge straumprisen no gir for butikkar i distriktet. Dette med tanke på spele inn ei sak for kommunal- og distriktsdepartementet over helga.