nyhende
Meir enn 700 sveibuar står utanfor arbeidslivet
Kvar femte innbyggarar i arbeidsfør alder i Sveio er i såkalla utanforskap.
NAV har dei siste åra produsert ein analyse av utanforskapen i samfunnet. Dette er eit augeblikksbilete av innbyggarane sin situasjon ved utgangen av året.
Fredag vart analysen for 2021 presentert av Nav Sunnhordland. Den viser at Sveio, saman med Bømlo har, har den høgaste del av innbyggarar som er i såkalla utanforskap. Det betyr at dei ikkje er registrert ledige, og står med eller utan ei yting frå Nav.
Sveio kommune hadde ved utgangen av 2021 3.292 innbyggarar i arbeidsfør alder. 715, eller 21,72 prosent, av desse var i såkalla utanforskap. Det betyr at det ikkje er i jobb. Nokre av desse får ytingar frå Nav, andre ikkje.
Høgast i Sunnhordland
Sveio scorar altså blant dei dårlegaste i Sunnhordland, men talet er på veg noko ned. Talet er 1,43 prosent lågare enn eitt år tidlegare, då 768 personar var i utanforskap.
I Sunnhordland-regionen totalt står i snitt 1 av 5 utanfor arbeidslivet. Tala speglar det nasjonale snittet, medan Vestland er eitt av fylka med ein utanforskap under snittet.
Andelen i utanforskap i desember 2021 er for Sunnhordland 19,7 prosent av alle i aldersgruppa 20-66 år. For landet er snittet 19,9 prosent, medan det for Vestland fylke er 18,2 prosent. I Sunnhordland er det altså Sveio og Bømlo som har den høgaste andel i utanforskap, medan den er lågast i Etne og på Stord.
Ser eit mogelegheitsvindauge
— Me ser med glede på nedgangen i utanforskap frå arbeidslivet frå året før. Nedgangen ser me i samanheng med betringa i arbeidsmarknaden hausten 2021. Som samfunn er me likevel avhengig av eit vidare godt samarbeid mellom støtteapparatet og arbeidsgjevarane som skapar moglegheiter for dei som står utanfor, seier leiar i Nav Sunnhordland, Håvard Lægreid, i ei pressemelding.
Stillingstilgangen so langt i 2022 har vore særleg høg. Sjølv om kurven har flata ut i sommarmånadane er tilbakemeldingane frå bedriftene at dei ofte står utan den ønska kompetansen. Dette meiner Lægreid gir eit særleg moglegheitsvindauge.
— Behovet som no er i arbeidsmarknaden tillèt oss å jobbe saman med arbeidsgjevarane og andre samarbeidsaktørar for at flest mogleg skal få ei stabil tilknyting til arbeidslivet, seier Håvard Lægreid.
Låg arbeidsløyse, men uvisse tider
I september i år var arbeidsløysa i Sunnhordland 1,1 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på 44 personar i høve førre månad.
— Me ser at me har hatt ein avgang med arbeidssøkarar i september, samstundes som det er komen ein litt mindre tilgang av nye arbeidssøkarar. Arbeidsløysa held følgeleg fram med å vere historisk låg, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.
Trass i låg arbeidslause registrerer NAV at fleire verksemder melder om ei uviss framtid i møte med den gjeldande situasjonen i internasjonal, so vel som i nasjonal økonomi.
— Me følger tett med på situasjonen i den lokale arbeidsmarknaden. Verksemder som står i fare for å permittere eller seie opp tilsette vert oppmoda om å ta kontakt, seier Håvard Lægreid.
I Sveio var det registrert 27 arbeidssøkande personar heilt utan jobb. Det er éin mindre enn i augist, og det tilsvarar 1,0 prosent av abeidsstyrken.
I Sunnhordlandvar det i juni lågast arbeidsløyse i Tysnes (0,5 prosent). Snittet for heile Sunnhordland er på 1,1 prosent, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland (1,5 prosent)og landet(1,6 prosent).