nyhende

Berre 0,6 prosent angrar på noregspris-avtalen sin. Foto: Jonas Fæste Laksekjøn / NTB / NPK
Berre 0,6 prosent angrar på noregspris-avtalen sin.

Meir enn 6000 har avbestilt noregspris i oktober

Berre ein liten del av dei som har bestilt noregspris, har så langt avbestilt tilbodet igjen.

Publisert Sist oppdatert

Noregspris er ei støtteordning der mange betaler ein fastpris på straum på 50 øre per kWt inkludert moms. Når ein bestiller noregspris, knyter ein seg til avtalen ut 2026, men det er mogleg å angre innan 14 dagar etter bestilling.

Totalt har 1,1 million strømmålarar så langt vorte knytte til regjeringa si straumstøtteordning, men fram til 30. oktober hadde 6300 personar nytta seg av angreretten, skriv Nationen.

Det utgjer om lag 0,63 prosent av alle som hadde bestilt, opplyser Elhub.

35 prosent av Noregs hushald og 48 prosent av fritidsbustadene er knytte til noregspris. Høgast andel er det på Sørlandet, følgt av Austlandet.

Powered by Labrador CMS