nyhende

ARKIVFOTO: Jarl Fr. Erichsen / NTB / NPK

Meir enn 35 viltpåkøyrslar kvar dag

Det har vore prøvd fleire tiltak for å minke viltpåkøyrslar, likevel er talet aukande.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Tal frå hjorteviltregisteret viser at over 13.000 elg og rådyr vart meldt inn påkøyrt av anten bilar eller tog i 2022. Det gir eit gjennomsnitt på over 35 påkøyrde dyr kvar einaste dag. Så mange elg har det ikkje vorte påkøyrt sidan 2019. Talet på påkøyrde rådyr i 2022 var det nest høgaste på seks år, skriv NRK.

Henrik Wildenschild er nasjonal fagkontakt for vilt og dyrepåkøyrslar i Statens vegvesen. Han seier det er fleire tiltak som ikkje hjelper i kampen for å redusere påkøyrslane. Blant anna har fareskilt og forsøk med blinkande lys liten effekt.

– Dessverre har verken vi i Noreg eller i andre land klart å knekkje nøtta med å finne noko som verkeleg har stor effekt, seier Henrik Wildenschild til NRK.

No kan det bli aktuelt å senke fartsgrensene på enkelte ulykkesutsette strekningar i delar av året.

Å skremme dyra har heller ikkje redusert talet på viltpåkøyrslar.

– Det har vore gjort mange forsøk med å skremme vekk dyr med lukt, lys eller lyd. Men det viser seg å ha dårleg effekt over tid, seier Wildenschild.

Derimot er bruk av viltgjerde og eigne viltundergangar effektive for å få ned talet på påkøyrslar. Problemet er at dette er veldig dyrt.

I Nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik for perioden 2022 til 2025 er eitt av tiltaka som skal gjennomførast å ha nokre teststrekningar i landet med lågare fartsgrense for å sjå om det kan hjelpe.

Forsøket med teststrekningar skal gjerast seinast i 2025. Det er enno ikkje avgjort kvar i landet forsøka skal gjerast.

Powered by Labrador CMS