nyhende

Seksjonssjef Camilla Broch Pedersen i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit opplyser at nytt regelverk vil gje kommunane enklare rom for å kjøpa master og styrkte mobildekninga i utvalde område. Foto: Gunnstein Myre Nkom. NTB/NPK
Seksjonssjef Camilla Broch Pedersen i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit opplyser at nytt regelverk vil gje kommunane enklare rom for å kjøpa master og styrkte mobildekninga i utvalde område.

Meir breibandstønad til Vestland og i nord – opnar for tilskot til mobilnett-utbygging

Folk i vest og nord er vinnarar når vilkåra for stønad til breibandutbygging er endra. Kommunar med spesielt store byggjekostnadar får meir, og det blir no også opna for tilskot til mobilnettutbyggig frå neste år.

Publisert Sist oppdatert
NPK: 300 millionar tilskotskroner er no delte ut for 2022. Med nye fordelingsnøklar kjem Vestland, Nordland, Troms og Finnmark betre ut enn før. Møre og Romsdal og Rogaland er mellom dei som kjem dårlegare ut.

– Korleis justeringane vil påverka einskilde kommunar og utbyggingsprosjekt er opp til fylka som skal fordela pengane, seier seksjonssjef Camilla Broch Pedersen i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit til Nynorsk pressekontor.

Også kvalitetskrava er endra. Kravet til nedlastingsfart i nytt tilbod er auka frå 30 til 100 Mbit/s.

Også mobilnett

I fjor opna EU for stønad også til utbygging av mobilnett-dekninga, ved å regulere praksis i samsvar med EFTA-reglane for fri konkurranse ved offentlege innkjøp.

– Høgst truleg vil Noreg følgja etter og innføra same praksis. Då vil kommunane få ei avklaring for å kunna kjøpa seg til dømes master på stader dei ønskjer seg betre mobildekning, seier Broch Pedersen.

Operatørgarantiar

Tal frå hausten 2021 viste at 241.000 husstandar i Noreg manglar breiband med kapasitet over 30 Mbit/s. To tredelar av desse husstandane ligg i spreiddbygde strøk.

– Per i dag tel vi ikkje med dei som har mobilt breiband, fordi operatørane ikkje kan garantere for kriteria Nkom stiller med omsyn til fart og kapasitet. Men no har vi fått signal om at dei vil kunna gje slike garantiar frå i år, seier Broch Pedersen.

Fart blir viktigare

Tilskota fylka får for 2022 er tildelte med omsyn til nytt minstekrav for nedlastingsfart, som no blir vekta med 50.

Det gamle målet om breibandtilbod til absolutt alle, og målet om superraskt breiband på til 95 prosent av norske husstandar, blir no vekta med 25 kvar.

– Må unngå skilje

Nettverk for fjord- og kystkommunar (NFKK) har kjempa for styrkinga av både dekning og kapasitet i område der folk bur meir spreidd, og kampen held fram.

– Vi er glade for alle framsteg, men ikkje nøgde før alle har fått godt breiband. I to år no har vi sett at dette er høgst aktuelt. Stadig fleire flytter frå byane til mindre tettbygde strøk, fordi dei kan gjera same jobben heimanfrå, seier dagleg leiar Anna Ljunggren.

Ho er oppteken av at tilbodet må vera av høg kvalitet, slik at bedrifter med behov for mykje og rask nettrafikk ikkje må velja bort etablering i mindre tettbygde strøk.

– Me må også unngå eit skilje mellom folk i by og land etter kven som har høve til å jobba heimanfrå, ei løysing stadig fleire etter pandemien har fått god erfaring med, seier Ljunggren.

(©NPK)

Anna Ljunggren er dagleg leiar Nettverk for fjord- og kystkommunar. Foto Jill Johannessen. NTB/NPK
Powered by Labrador CMS