nyhende

Tyske forskarar meiner vi står i det verste utbrotet av fugleinfluensa nokonsinne. Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Tyske forskarar meiner vi står i det verste utbrotet av fugleinfluensa nokonsinne.

Meiner stort europeisk fugleinfluensa-utbrot er under kontroll i Noreg

Europa er midt i det verste fugleinfluensa-utbrotet nokosinne. I Noreg meiner Mattilsynet at dei har situasjonen under kontroll.

Publisert Sist oppdatert
NPK: – Vi opplever for augneblinken den verste fugleinfluensa-epidemien nokosinne i Tyskland og Europa, melder Friedrich Loeffler-instituttet (FLI), det tyske føderale forskingsinstituttet for dyrehelse.

Det blir dagleg påvvist nye tilfelle, og det er ikkje berre villfugl som blir smitta.

Viktig med gode smittevernsrutiner

Mattilsynet er ikkje bekymra for likande situasjonar i Noreg.

– Vi har nyleg hatt utbrot av høgpatogen fugleinfluensa i to kommersielle fjørhald i Noreg, og desse tilfella er blitt handtert med tett oppfølging, seier seniorrådgjevar og veterinær Anne Døsen til Nynorsk pressekontor.

Ho påpeiker at det alltid kan vere smitte blant villfugl i Noreg, og at det difor er viktig at ein har gode smittevernsrutiner og observasjonspraksis, både hos dei som driv med fjørfe kommersielt og dei som driv på hobbybasis.

– Det er tiltaka hos kvar enkelt som er viktigast for å beskytte dyra mot smitte, seier seniorrådgjevaren.

Dette gjeld til dømes å melde frå ved mistanke om sjukdom i eige dyrehald, og om mistenkjelege dødsfall blant villfuglar til Mattilsynet , hindre kontakt mellom tam- og villfugl, og registrering av fjørfe.

Glad for politisk vilje

Då det i november blei påvvist fugleinfluensa på verpehøns i Klepp kommune i Rogaland, oppretta Mattilsynet soner med restriksjonar. Den siste sona vart oppheva julaftan.

Portforbod for fjørfe og andre fuglar i fangenskapet står framleis ved lag i 15 kommunar.

– Vi er glade for at det er politisk vilje til å verne om systemet, seier Tone Steinsland, nestleiar i Norsk Fjørfelag og rugerieigar på Jæren, til E24.

– Sjølv om dette er veldig alvorleg og krevjande for dei som blei ramma, så har det gått så godt som ein kunne håpa på. Vi må berre akseptere at det er ein trussel som er der. Og så må vi gjere alle tiltak best mogleg, seier ho.

Mange registrerte tilfelle i Europa

I Tyskland vart det påvist 394 tilfelle i villfugl som ender, gjæser, svaner og måker mellom starten av oktober og 29. desember, stort sett langs kysten.

Friedrich Loeffler-instituttet registrerte òg 46 tilfelle i tyske hønsegardar.

I same periode vart det ifølgje nyheistbyrået DPA påvist 675 tilfelle hos villfugl og 534 tilfelle hos husdyr i resten av Europa.

– Det er ingen ende i sikte. Landa som er ramma, er frå Finland til Færøyane til Irland, frå Russland til Portugal, seier forskarane. Det er òg påvist tilfelle i mellom anna Israel, Canada, India og Aust-Asia, heiter det i ei fråsegn frå insituttet.

Sjukdommen er òg blitt påvist hos pattedyr i år, til dømes blant revar i Nederland og Finland, sel i Sverige og Tyskland og blant otrar i Finland

(©NPK)

paula.jee.ullaland@npk.no

Bilete: EFon8gdrErk
Bilete: 7Dp3cdVca-c
Tilfelle av fugleinfluensa i Noreg har blitt handtert, seier Anne Døsen, seniorrådgjevar i Mattilsynet. Foto: Privat

Tilfelle av fugleinfluensa i Noreg har blitt handtert, seier Anne Døsen, seniorrådgjevar i Mattilsynet.
Powered by Labrador CMS