nyhende

Går inn for samanslåing av skular i runde 2/3:

Representantane frå Ap og FrP støttar rådmannen i at det er rett å leggja ned skular. – Eg har landa på at det beste for alle elevane, no, i framtida og i heile kommunen – er om me no slår saman Førde, Auklandshamn og Valestrand, sa Linn Therese Erve (oppe i midten). Her saman med rådmann Jostein Førre (oppe t.v.) og representantar formannskapet.
Representantane frå Ap og FrP støttar rådmannen i at det er rett å leggja ned skular. – Eg har landa på at det beste for alle elevane, no, i framtida og i heile kommunen – er om me no slår saman Førde, Auklandshamn og Valestrand, sa Linn Therese Erve (oppe i midten). Her saman med rådmann Jostein Førre (oppe t.v.) og representantar formannskapet.

Meiner ressursane vil bli fordelte på ein betre måte

Å gå frå fem til tre skular vi gi ei meir rettferdig fordeling av ressursane i Sveioskulen, meiner fleirtalet i formannskapet. Mindretalet fryktar at bygdene ikkje blir dei same utan skulane.

Publisert Sist oppdatert

I dag var den andre av tre rundar i debatten om skular i Sveio. Rådmannen starta møtet med å gi opplysningar til politikarane, deretter følgde ein times roleg ordskifte mellom dei sju politikarane.

Alle hadde innlegg der dei gjorde greie for sitt syn i saka, fire for og tre mot samanslåing. Høgre og Senterpartiet hadde mange argument for å bevara skulestrukturen som i dag, utan at det påverka Arbeiderpartiet og FrP si avstemming.

Spesielt i ein pandemi

Monica V. Valen (Sp) trekte mellom anna fram at det var spesielt å behandla ei så krevjande sak i koronapandemien, der politikarane ikkje kan møta innbyggjarane på tradisjonelt vis.

Dette hadde Håkon J. Skimmeland (Ap) også tankar om.

– Gjennom sosiale media er det pågåande folkemøte. Det er ei kjempemoglegheit til å engasjera seg, der det i hovudsak har vore ein god og sakleg debatt, sa Skimmeland. Litt seinare sa han at det er viktig at ein ikkje lar pandemien overstyra, og påpeikte at samfunnshjulet er godt i gong.

Rune Teikari (FrP) har vore med på fleire rundar med skulestruktur.

– Det blir tyngre for kvar gong. Det treffer folk eg er glad i, og skapar usikkerheit, og næring til krinskonfliktar. Likevel er det ei sak me må ta stilling til. For meg handlar det om å gi mest mogleg undervisning til barn og unge for midlane me har til rådigheit, ei rettferdig fordeling av fellesskapet sine midlar, sa mellom anna Teikari. I rolla som folkevald har han med seg erfaring som tidlegare leiar i FAU og KFU.

Slitne av prosessen

Dagfinn Bjørge (Sp) møtte som vara for Jarle Jacobsen (KrF), og hadde fleire innlegg som tok føre seg fordelane med å ha småskulane med seg inn framtida. Han poengterte at han har møtt mange folk frå heile Sveio som ønskjer at skulane blir verande, og at folk no er slitne av prosessen.

– Det er heilt forståeleg. Valevåg og Auklandshamn er òg bygdesenter i kommunen. Dei skal og få rom og høve til å utvikla seg. Mi instendige oppmoding er å ta vare på skulane, sa Bjørge, og håpa at formannskapet kunne gi eit slikt signal til kommunestyremøtet 12. april.

Verktøy til bygdeutvikling

Håkon J. Skimmeland (Ap) sa tydeleg at han var for samanslåing av skulane.

– Ein snakkar om rettferdig og rimeleg fordeling av ressursar til det beste for alle. Når det gjeld bygdeutvikling, finst det heilt andre verktøy for å utvikla delar av kommunane, slik som kommuneplan, reguleringsplan, trafikksikring – dette er me flinke på, og må halda fram med, sa Skimmeland. Han kommenterte også skuleskyss og tilfelle av mobbing, nemnt av fleire:

– Skyss er sett på den politiske agendaen, noko me må sjå på, heilt uavhengig av denne saka, sa Ap-politikaren.

Starten på slutten

Høgre-representant Lars Einar Hollund fortalde at han aldri før hadde blitt kontakta av så mange i ei sak.

– Sveio hadde aldri vore Sveio utan bygdene, sa Hollund, og viste til bønder, oppdrettsanlegg, Ølen Betong og Fjon Bruk.

– Potensialet for verdiskaping ligg i bygdene – det krevjar at kommunen må sjå heile Sveio. Følgjer ein rådmannen sitt framlegg til vedtak, vil det vera starten på slutten av bygdene i Sveio, sa Hollund. På vegne av Høgre og Senterpartiet, la han fram eit forslag til vedtak, som kort oppsummert seier at skulestrukturen ikkje skal endrast.

Det beste for barna

– Dersom det ikkje er økonomi som er grunnen, kan ein ikkje sjå kva som er det beste for barna? 45 minutt er anbefalte reisetid frå heim til skule. Den lengste turen vil bli meir enn 45 minutt for enkelte elevar. Har kommunen oversikt over dei som har uakseptabel reisetid? ville Monica V. Valen (Sp) mellom anna få svar på.

Etablert for å skapa vekst

– Eg ser på Sveio kommune som ei eining som skal stå saman for at barn og unge skal lukkast. Utdanning handlar ikkje berre om å lesa og skriva, men òg sosiale ferdigheiter, sa Ruth G. Østebøvik Eriksen (FrP). Ho trekte også fram at oppvekstsenteret i Valestrand blei etablert for å få vekst i denne delen av kommunen.

– Det har vore eit utflating, og ikkje den store veksten. Derfor har eg havna på at eg kjem til å gå for HOK si tilråding. Eg trur det er det beste for framtida til Sveio kommune. Me må planleggja for framtida, og bruka ressursane rett, sa Eriksen.

Tar ansvar som folkevalde

Fleire av argumenta til dei som er mot skulenedlegging hevdar at bygdene vil tapa seg utan skular.

Ordførar Linn Therese Erve (Ap) sa at det finst mange andre kvalitetar for å laga ei bygd attraktiv, og at ho ønskjer å leggja til rette for vekst i heile kommunen, og trekte fram Hervik i Tysvær kommune som døme på ei bygd med vekst etter skulenedlegging.

– Prognosane for elevtal ved Auklandshamn og Valestrand vil gå drastisk ned om få år. Derfor er me nøydde for å sjå saka i eit heilskapleg perspektiv. Me må sørgja for at me har ein robust skulestruktur for framtida, som gir det beste opplæringstilbodet for alle elevar i Sveioskulen. Me må bruka ressursane på rett måte. Det er til det beste for alle elevane, no og i framtida og heile kommunen å slå saman Førde, Auklandshamn og Valestrand. Som folkevalde må me gjera rette grep for å leggja til rette for folkevekst. Me som ønskjer å leggja ned er ikkje defensive, me viser at me tar ansvar som me folkevalde er nøydde for å gjera, sa Erve, mellom anna.

Tause stemmer

Alle kunne skriva under på at det var ei sak som skapte stort engasjement, men det kom også fram frå fleire hald at det ikkje var alle som ville seia meininga si høgt.

– Dei som er for nedlegging er tause, og ønskjer ikkje å stå fram. Det har kanskje si naturlege årsak, sa Ruth G. Østebøvik Eriksen (FrP).

Utan at det har ein samanheng med Eriksen si uttale, kan ein ta med at det er mykje aktivitet om saka i sosiale media, der det er stort engasjement for å behalda skulane.

Også Linn Therese Erve (Ap) trekte fram at ho har blitt kontakta av folk som vil vera anonyme.

– Det er ikkje lett å uttala seg når ein sjølv har elevar på nedleggingstrua skular, og stå for at skulen skal bli lagt ned, sa Erve.

Dagfinn Bjørge (Sp) sa at ein burde vera forsiktig med å leggja tyngde i vedtaket med slike tause stemmer.

– Dei er òg tause på motsett side, poengterte Bjørge.

Rundt 70 personar personar følgde det digitale møtet, inkludert dei folkevalde i formannskapet og tilsette i kommunen.

Powered by Labrador CMS