nyhende
Henvending frå Sveio-politikar enda opp hos statsråd:
Meiner Husbanken bør opna for å gi tilskot til krisesenter
Sveio kommune er ein av 15 eigarkommunar i Krisesenter vest IKS som treng å få reist nytt bygg, men støtte frå Husbanken kan dei ikkje få. Ruth G. Østebøvik Eriksen (FrP) løfta problemstillinga til ein partikollega på Stortinget, som har retta spørsmål til ein statsråd i regjeringa.
Krisesenteret tar i mot kvinner, menn og barn frå 16 kommunar inkludert Sveio. Dei har planar om å byggja nye lokale for å ha eit godt tilbod til både brukarar og tilsette. I følgje leiinga i Krisesenter vest IKS, held det interkommunale tilbodet for tida til i to omgjorte bustadar på Stord og i Haugesund. Lokala er ikkje tilpassa dagens krav, og har stort behov for fornying.
Håpar på løysing
Politikarane og administrasjonen i eigarkommunane har fått eit brev frå styreleiar og leiar i Krisesenter vest IKS, der dei ber om at saka blir tatt opp, slik at tilskotsordninga til Husbanken kan endrast, slik at det kommunalt lovfesta tilbodet også kan inngå i Husbanken sine tilskotsordningar.
Brevet frå leiinga var nemnt i sist formannskap i Sveio kommune. Etter møtet tok Ruth G. Østebøvik Eriksen (FrP) kontakt med partikollega Helge André Njåstad for å høyra om han kunne hjelpa.
– Dette er forhold som burde vore rydda i for lengst, og eg tar det som ei sjølvfølgje at krisesenter kan falla under tilskotsordninga til Husbanken. Eg er veldig glad for at FrP lokalt tipsa meg om denne saka, slik at me kan få avklart problematikken på høgaste hald, skriv Njåstad i ei melding til Vestavind.
Bør vera ei smal sak
Njåstad er første nestleiar i Kommunal- og forvaltningskomiteen. Heimstaden er Austevoll, dermed er han ein av politikarane frå Sunnhordland på Stortinget.
Han er nøgd med at Sveio FrP har tatt opp saka. Han håpar på ei snarleg løysing, slik at avgjerande midlar vil tilfalla dei nødvendige oppgraderingane.
– Det bør vera ei smal sak for den nye statsråden å rydda i regelverket, slik at me sikrar eit god nok tilbod til dei som treng det mest, skriv Njåstad til Vestavind.
Dette spørsmålet skal kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) svara på:
Vil statsråden endre kriteriene for Husbankens tilskuddsordninger slik at vi kan gi noen av våre mest sårbare grupper en bedre beskyttelse under forsvarlige og hyggeligere forhold?