nyhende
— Me ville gjera noko anna enn å selja toalettpapir
Å dyrka og selja blomar har gjort desse ungdomane ein god del rikare, både i form av pengar, kunnskap og røynsler.
Til hausten skal dei på klassetur til Berlin. Både synfaring i byen, vitjing av konsentrasjonsleir og badeland står på agendaen for reisa dei storgleder seg til.
Men: Turen vil kosta om lag 9000 kroner per elev. For å få råd til dette, har dei gått saman om å selja sjølvdyrka blomar.
— Me ville gjera noko anna enn å selja toalettpapir, seier jentene til Vestavind.
Starta i februar
Veninnegjengen går i 9.-klasse på Sveio skule og er bygd opp av Cecilie Førre Apland (14), Anne Synnøve Breistig (14), Anja Kristine Leirvik (15) og Ingrid Andrea Kvalvåg (14).
Kvar tysdag og torsdag ettermiddag står dei på Krossgått og sel direkte frå drivhuset heime hjå Anne Synnøve. Salet held fram i nokre veker til. Dei sel både sumarblomar og staudar, det vil seia fleirårige plantar. Dei kan fortelja at salet har gått overraskande bra så langt.
Dei fire ungdomsjentene starta med såing i februar. Sidan den tid har det gått i eitt med prikling, vatning og stell.
Sosialt og lærerikt
Jentene fortel at prosessen har vore sosial, og at dei har lært seg mykje om botanikk og kultivering av plantar.
— Kva har vore det aller kjekkaste?
— Fellesskapen. Det har vore gøy å samlast utanfor skule og organiserte fritidsaktivitetar, seier Cecilie.
— Det er fascinerande å sjå korleis blomane utviklar seg, frå start til slutt, seier Anja Kristine og får støtte av Ingrid Andrea ved sida av:
— Det har vore veldig interessant å sjå utviklinga til blomane. Me har lært mykje om kva blomane treng. Dei har på ein måte vorte babyane våre! seier ho.
Men òg økonomisk lærdom inngår i røynslene dei fire jentene har tileigna seg. Både sal og innkjøp av frø og potter har gjort økonomi til ein sentral del av prosessen.
— Dette har vore ei kjekk læring om økonomi og planting. Det har òg vore kjekt å møtast utanfor skuletida, seier Anne Synnøve.