nyhende
– Me vil ha ei avgjerd no – i vår favør
I denne spesielle tida fekk ein på sett og vis for første gong sjå alle som bryr seg om grendaskulane, då bilkortesja blei tuta i gong søndag ettermiddag. Og langs heile ruta var det innslag som viste si støtte – med plakatar, flagg og vinkande hender. Folket har tala – no gjenstår det å sjå kva politikarane bestemmer seg for.
Anne Lise Økland og Arild Frøkedal er to av utruleg mange frå begge berørte bygder som har stått på. Då ferjekaiane i Valevåg fylte seg opp med bilar, hadde dei begynt å få ei god magekjensle for avgjerda som blir tatt i dag. Dei siste vekene har dei hatt det hektisk på mange frontar.
– Det har gått i bølgedalar, men det kan gå godt. 13 stemmer i kommunestyret er det me treng, seier ein optimistisk Arild Frøkedal. Oppsummert har det som kan krypa og gå i bygdene tatt affære.
– Folk kjenner på at dei ikkje har blitt høyrd, og ting blir vridd på. Det får oss til å mobilisera – folk er ikkje dumme, seier Frøkedal, som ikkje sett så mykje engasjement i bygda nokon sinne. Mange innbyggjarar ein ikkje har høyrt så mykje frå i offentlegheita før, har kome fram i lyset for å stå opp for bygda si.
God driv i bygda
– Eg håpar verkeleg me kan behalda denne driven i bygdene etter dette, slik at me kan gjera heile kommunen til ein enda betre stad, seier Frøkedal.
– Me vil ha ei avgjerd no – i vår favør, seier Økland. Skamtravelt er ordet ho bruker når ho skildrar dei siste vekene. Familie, jobb og intens jobbing med å få ei gruppe politikarar til å forstå at skulane ikkje må leggjast ned.
Ho har høyrt rykte om at det var usikkerheit i posisjonspartia. Seinare same kveld, blei dette stadfesta i ei pressemelding frå Sveio Arbeiderparti, der det gjekk fram at dei, FrP og dei to uavhengige er i dialog med opposisjonen for å finna fram til eit felles vedtak.
– Me vil ha ein plan som alle politikarane klarar å arbeida fram i fellesskap – og at våre stemmer blir høyrt, seier Økland.
Skulevegen
Håkon Eriksen frå FAU ved Førde skule var også med i kortesja. Først og fremst er han engasjert som ein far, med forståing for at foreldre i Auklandshamn og Valevåg kjenner seg overkøyrde i prosessen. Spesielt tenker han på dei yngste elevane, som kan måtta ofta større delar av dagane sine for å gå på skule.
Frå FAU-standpunktet synest han det blir for kort tid til skulestart om nær 100 elevar skal starta på Førde skule til hausten.
– Me har etterlyst framdriftsplan, men det er for seint no. Eg er bekymra for store klassar, og korleis undervisningsmiljøet kan bli, seier Eriksen, som i det heile er kritiske til prosessen. Han trekker fram utsegnet til Linn Therese Erve frå Sveio Ap under valkampen i 2019.
– Eg vil seia at 9 av 10 tolka det som at skulane ville bestå. Arbeiderpartiet fekk nok stemmer dei ikkje skulle hatt, trur Eriksen.