nyhende
Sveibuen vil jobba for ei ny retning i landbrukspolitikken
— Me treng eit landbruk som er attraktivt for unge å driva
Bonden Leif Grutle held fram med arbeidet som skal betra dei økonomiske og sosiale rammevilkåra i det norske jordbruket.
— No er det alvor. Situasjonen i gardsdrifta har forverra seg med dei aukande kostnadene, seier Leif Grutle frå Valevåg.
På onsdag denne veka vart han for tredje gong vald som fylkesleiar for den politisk uavhengige organisasjonen Bonde- og Småbrukarlaget i Hordaland.
Som fylkesleiar kjenner han difor på eit sterkt ansvar.
— Det er eit stort ansvar, og me skal «pusha» på for å få gjennomslag for arbeidet vårt, men det er til sjuande og sist politikarane som avgjer retninga for landbruket, seier fylkesleiaren.
— Lite lønsamt
Grutle meiner det er mangel på samsvar mellom ord og handling i dagens jordbrukspolitikk:
— I Hurdalserklæringa legg ein merke til fine ord og lovnader om å betra vilkåra for bønder og norsk landbruk, men orda vert hengjande i lause lufta, seier Grutle og legg til at det trengst konkret handling.
Eitt av problema han skisserer, er at gardsdrifta no til dags er lite lønsam.
— Ein bonde har gjerne ei gjennomsnittsløn på 200.000 kroner i året, medan den generelle gjennomsnittsløna for ein nordmann ligg på i overkant av 500.000 i året, seier Grutle.
Dermed seier det seg sjølv at gardsdrift åleine ikkje er eit tilstrekkeleg levebrød, ifølgje bonden frå Valevåg.
— Regjeringa har lova at inntektene skal betra seg, men eg er nok diverre litt pessimistisk.
Det hastar
— Kva er din visjon som fylkesleiar?
— Det er at me får eit landbruk som kan vera attraktivt for unge å driva, og at me fullt og heilt utnyttar dei ressursane me har til rådvelde i Noreg. Det er avgjerande at me kan dyrka maten vår sjølv, særleg når me no er vitne til kva som skjer ute i verda, understrekar Grutle.
Han fortel at over 20 prosent av jordbruksarealet i Vestland fylke ikkje er i drift, og at ei utnytting av dette arealet ville ha medverka til både busetjing, auka matproduksjon og eit større aktivitetsnivå i bygdene og distrikta.
Ei omlegging av norsk landbrukspolitikk hastar dersom gardsdrift skal kunna ha ei framtid, meiner han:
— Gjennomsnittsalderen blant bønder i landet ligg på om lag 56 år. Det må skje noko fort.