nyhende
— Me stod på barrikadane. Så vart me kakka i bakhovudet av dei me stolar på.
Asle Georg Halleraker seier til Vestavind at det er med tungt hjarte han har tatt sitt val om å melde seg ut av Arbeidarpartiet.
Det var laurdag ettermiddag at Asle Georg Halleraker og Torgeir Tveit Katla gjorde kjent at dei har meldt seg ut av Arbeidarpartiet. Dette i protest mot at Ap i regjering avslutta lærarstreiken med tvungen lønsnemnd.
Halleraker fortel om to kontrastfylte dagar som politikar. Frå måndag kveld, då han deltok i kommunestyret med sitt vanlege engasjement for lokalpolitikken, til tysdag kveld då Ap i regjering gjekk inn for tvungen lønsnemnd i konflikten mellom lærarorganisasjonane og KS.
— Det var ein kontrast som vart umogeleg å svelgje, seier han.
Maktovergrep
Halleraker er sjølv lærar på 25. året, og han er leiar av Utdanningsforbundet ved Skåredalen skole i Haugesund kommune, som var tatt ut i streik.
— Eg er først og fremst lærar. Så tillitsvald i Utdanningsforbundet. Og så driv eg politikk på dugnad ved sida av. Når regjeringa så, med vår eigen minister for arbeid og inkludering - og leiar i Vestland Ap - Marte Mjøs Persen, i spissen går inn for tvungen lønsnemnd, så rokkar det ved sjølve fundamentet i mitt politiske engasjement, seier han.
Han fortel at han opplevde regjeringa si handling som eit maktovergrep.
— Her har me stått på barrikadane, og så blir du kakka i bakhovudet av dei du stolar på. Å bli svikta av sine egne kjenst verre ennå bli svikta av motstandarane dine, seier han.
Halleraker understrekar at avgjerda han har tatt er fatta eine og åleine på bakgrunn av regjeringa, og at det ikkje handlar om lokalpolitikken i Sveio.
Han kjøper ikkje regjeringa si grunngjeving for å gå inn med tvungen lønsnemnd. Regjeringa la mellom anna fare for elevane si psykiske helse til grunn.
— Det finst ikkje noko fagleg grunnlag som understøttar påstanden om at elevane si psykiske helse er sett i fare på grunn av streiken, seier han.
Mange dispensasjonar
Halleraker poengtert at berre på Skåredalen skole vart det gjeve mange dispensasjonar, nettopp for å hjelpe dei elevane som trengte det mest.
— Blant 60 medlemmar i Utdanningsforbundet på Skåredalen skule, var 24 i streik. Resten var i jobb for å oppretthalde eit tilbod til desse, seier han.
— Du har utfordra Linn Therese Erve om førsteplassen på Sveio Ap si liste framfor valet neste år, det er ikkje slik at du no trekk deg fordi du frykta å tape den kampen?
— På ingen måte. Eg såg fram til å vere med i ein open kamp mellom to gode kandidatar om førsteplassen, og skulle eg ha tapt den så hadde eg vore den første til å gratulere Erve med sigeren, seier han.
Sjølv om Halleraker no blir politisk uavhengig i kommunestyret, legg han vekt på at han har respekt for veljarane som røysta han inn i kommunestyret, og programmet han vart valt inn på. Han seier vil røyste i tråd med det i resten av kommunestyreperioden.
— Vil du vurdere å stå på lista for eit anna parti framfor neste val?
— Det har eg så langt ikkje tenkt på, seier han.
Han ser ikkje vekk frå at han i framtida kan vende tilbake til Ap.
— Då må partiet viser at dei vil satse på skulen, og ikkje berre snakke om det i festtalar, seier han.
Om Halleraker sine dagar som leiar for hovudutval for kultur og oppvekst i Sveio er talde, er førebels uklart.
— Eg er vald inn i komiteen som representant for Ap. Det blir opp til dei andre folkevalde å gjere ei vurdering kring om komiteen må veljast på nytt. Eg stiller meg til disposisjon der eg blir føreslått, seier han.
Det har laurdag ettermiddag ikkje lukkast Vestavind å få ei kommentar frå den andre utmeldte Ap-representanten, Torgeir Tveit Katla.
Lokallagsleiar: — Har respekt for avgjerda
Leiar for Sveio Ap, Håkon Skimmeland, synes det er leit at to kapasitetar innan lokalpolitikken melder seg ut av partiet, men at han har respekt for avgjerda.
— Det er først og fremst er to lærarar som melder seg ut. Dei gjer det å bakgrunn av kva som har skjedd sentralt i Ap, og ikkje lokalt i Sveio Ap. Me må erkjenne at dei representerer lærarane som arbeidsgruppe, seier han.
Skimmeland seier dette om regjeringa si avgjerd om bruk av tvungen lønsnemnd overfor lærarane:
— Eg har ikkje grunnlag for utfordre vurderinga regjeringa la til grunn for tvungen lønsnemnd, men eg kan forstå konklusjonen. Dette sett i lys av pandemien og ein langvarig arbeidskonflikt, og at ein kanskje følte at strikken var strekt for langt i høve til liv og helse, seier han.
I høve til kommunestyret sitt arbeid framover, legg Skimmeland til grunn at Halleraker og Katla vil støtte Ap, då dei vart vald inn på partiet sitt program.
— Har dei overfor deg gitt uttrykk for at dei vil støtte Ap?
— Dei har ikkje uttrykk for det motsette, svarar han.
Skimmeland trur dessutan ikkje dei to har endra seg politisk.
— Dei er nok framleis sosialdemokratar i sine hjarte, seier han.
Skimmeland er open for at både Halleraker og Katla kan delta i Ap sine gruppemøte i samband med handsaming av saker i politiske organ, men legg vekt på at korleis det skal skje i praksis er noko medlemmene i Sveio Ap må ta stilling til på eit medlemsmøte.
— Trur du regjeringa si avgjerd vil påverke Ap i lokalvalet i Sveio?
— Eg trur folk forstår at dette ligg på eit overordna nivå, og ikkje har noko med kva som skjer lokalt å gjere, seier han.
Vestavind har forsøkt å få ein kommentar frå ordførar Linn Therese Erve (Ap) laurdag, førebels utan hell.