nyhende

Asle G. Halleraker er gruppeleiar for Tverrpolitisk Fellesliste. Foto: Thomas Vallestad Drageset
Asle G. Halleraker er gruppeleiar for Tverrpolitisk Fellesliste.

– Me må sikra at familiar med små barn vel å busetja seg i kommunen vår

Kva blir den viktigaste saka for deg i 2025? Kven av dine politiske motstandarar likar du å debattera med? Det er to av spørsmåla gruppeleiarane i Sveio svarar på.

Publisert Sist oppdatert

– Kva lokalpolitisk sak blir den viktigaste for deg i 2025?

– Finansiering og realisering av nye Sveio barnehage.

– Kva var den viktigaste saka for deg i 2024?

– KOM sak 054/24 der me drøfta moglege tiltak for å snu ei negativ elevtalsutvikling i Sveio. Borna er Sveio si framtid, og me må sikre at familiar med små barn vel å busetja seg i kommunen vår. Då må me som kommune verkeleg satse på denne aldersgruppa, og sjå heilskapen i politikken vår. Då er ein god skule med nok ressursar og svært motiverte tilsette ein føresetnad, og me må kunne tilby desse familiane meiningsfulle aktivitetar også etter at skuledagen er slutt. Her finst det utrulege ressurspersonar i alle krinsane og i sentrum som det er svært viktig å ta vare på.

– Kven av dine politiske motstandarar likar du best å debattera med, og kvifor?

– Vibeke Enerstvedt frå Frp. Ho meiner mykje bra, har glimt i augo sjølv om me er ueinige i saker. Eg opplever at usemja aldri blir personleg, og det er ein eigenskap eg set høgt. Mi oppleving er at Vibeke greier å skilje person frå sak.

– Kven av kommunestyrerepresentantane har du lyst til å framheva?

– Inger Emilie Kvalvåg Panayiotou frå Sveio Ap som er klok, omtenksam og berre tar ordet når det verkeleg er viktig. Ho set andre føre seg sjølv, og brenn for saker som gjeld både born, unge og ei god eldreomsorg.

– Kven vinn stortingsvalet til hausten og kvifor?

– Eg trur det blir borgarleg siger til hausten, og det skuldast nok ein kombinasjon av fleire årsaker:

  • I Europa kan mykje tyde på at det bles nokon generelle Høgre-vindar som nordmenn også lar seg påverka av.
  • Ap har gjort seg vekk med interne stridar og saker som ikkje trekk veljarar, i tillegg til at dei viser at dei ikkje evnar å auke levestandarden til «vanlege folk» som dei gjekk til val på. Her får dei nok urettvist skulda for faktorar som er meir globale enn nasjonale til dømes rentenivået og krig i Europa.
  • Reint personleg synest eg Ap og Sp tok eit avgjerande negativt vegval då dei avslutta ein heilt legitim lærarstreik med tvungen lønsnemnd som eg trur øydela trua på at Ap er eit parti som verkeleg ynskjer å satse tungt på skule og barnehage.
  • Ap og Sp har ført ein energipolitikk som eg trur har mista fotfeste hos mange, og at satsing på elektrifisering av sokkelen, flytande havvind og bygging av fleire kablar til utlandet rokkar ved trua på desse to partia ynskjer eller evnar å satse på modernisering av vasskrafta våre og forsking omkring kjernekraft / thoriumkraftverk som viktige energikjelder i framtida.
  • Til slutt trur eg at mange veljarar ynskjer noko nytt, berre for det nye sin del, og at ein ynskjer å prøve andre regjeringsalternativ enn det noverande.
Powered by Labrador CMS