nyhende

Gjennomsnittsfarten i juli har gått ned 1,5 km/t samanlikna med i 2019. Og køyring i fart over 110 km/t er redusert med vel 43 prosent samanlikna med i fjor.
Gjennomsnittsfarten i juli har gått ned 1,5 km/t samanlikna med i 2019. Og køyring i fart over 110 km/t er redusert med vel 43 prosent samanlikna med i fjor.

Me køyrer rolegare, men bulkar like mykje

Køyredata frå 30.000 norske bilistar viser at me køyrer både kortare og rolegare denne sommaren enn dei tre foregåande. Men det ser ut til at me er like uoppmerksame som før og bulkar like mykje.

Publisert Sist oppdatert

Fremtind, som er forsikringsselskapet til SpareBank 1 og DNB, har sett på køyredata frå smart bilforsikring for dei to første vekene i juli, før myndigheitene opna for reiser til fleire land i Europa.

– Tar me utgangspunkt i at funna våre er representative, har nordmenn køyrt i snitt 120 kilometer kortare dei første to vekene i juli enn det dei har gjort dei tre siste somrane, seier Svein Skovly, leiar for innovasjon i Fremtind.

Norske bilistar køyrer lengst om sommaren, og dei tre siste årene har me køyrt dobbelt så mange turar over 100 kilometer i juli samanlikna med resten av året. Funna er basert på køyredata frå nærare 400 millionar køyrte kilometer blant 30.000 bilistar, skriv forsikringselskapet i ei pressemelding.

Køyrer mindre i høg fart

Tala viser at gjennomsnittsfarten denne sommeren er lågare. Til nå i juli er den på 53,5 km/t, mot over 55 km/t dei siste åra. Køyring i fart over 110 km/t dei to første vekene i juli er redusert med heile 43,4 prosent samanlikna med 2019.

– Det er fortsatt ferietid, og me oppfordrar alle til å ta det pent, halda fartsgrensene og la mobilen ligga når du sit bak rattet, seier Svein Skovly, leiar for innovasjon i Fremtind.

Køyring i fart over 130 km/t er redusert med 71 prosent, og over 150 km/t er redusert med 67 prosent. Det styrker også teorien om at mange normalt drar på bilferie i Europa.

– Juli er den månaden me normalt køyrer mest fort, så dette er ei positiv utvikling som kan ha fleire forklaringar. Dei aller færraste av oss har køyrt i utlandet der det er høgare fartsgrenser. Det har vore ein del kø som senker farten, og så kan det vera at me rett og slett tar det meir pent i trafikken enn me har gjort før, seier Skovly.

Like mange bilskadar

Skadestatistikken blant Fremtind sine forsikringskundar i SpareBank 1 og DNB viser at nordmenn bulkar like mykje som før.

I juni og dei to første vekene i juli i år har selskapet registrert ca. 17.300 motorskadar til ei estimert erstatning på ca. 147 millionar kroner. Av desse er det om lag 4.400 typiske samanstøyt- og bulkeskadar, til ein estimert kostnad på ca. 45 millionar kroner.

– Ryggeskadar, påkøyring bakfrå og påkjørslar av parkerte bilar er gjengangar. Dette er typiske skadar som inntreff når sjåførane er uoppmerksame eller stressa. Så sjølv om me køyrer kortare og tilsynelatande rolegare, bulkar me like mykje, seier Skovly.

I de to første sommarmånadane i 2018 og 2019 registrerte Fremtind 20.100 og 19.200 skadar til 321 millionar og 340 millionar erstatningskroner.

– Det er førebels færre og billegare bilskadar denne sommaren, men mykje tyder på at omfanget vil nærma seg nivået dei to siste somrane. Det er fortsatt ferietid, og me oppfordrar alle til å ta det pent, halda fartsgrensene og la mobilen ligga når du sit bak rattet, seier Skovly.

Powered by Labrador CMS