nyhende
Me kastar 200 brød i minuttet – forskarar håpar brød-gjenvinning kan halvera mengda
Om lag 300.000 brød blir kasta i norske heimar kvar dag. Men no går ei gruppe forskarar målretta inn for å finna ut korleis ein kan halvera mengda.
Trass i at kornproduktet med så mange utnyttingsmåtar er ein så viktig del av kosthaldet vårt her i landet, ligg det på tredjeplass på lista over varene me kastar mest av.
Hushalda står for 54 prosent av alle brødvarer som blir kasta, går det fram av tal frå matforskingsinstituttet Nofima. Dei resterande 46 prosentane er det andre ledd i verdikjeda som kastar. Av all maten som forbrukarar kastar i boset, er 18 prosent brødvarer.
Forskarar reknar med at det blir kasta 200 brød i minuttet i Noreg. Når Nofima-forskarane er ferdige med forskingsprosjektet «Bread Rescuers», eller brødbergarane, håpar dei å sitta igjen med oppskrifta på korleis ein kan halvera desse tala.
Nytt mjøl av brød
– Me skal mellom anna sjå på korleis me kan gjenbruka uselt brød og laga smuldremjøl, fortel seniorforskar Valérie Almli i Nofima til Nynorsk pressekontor.
Almli er prosjektleiar i Bread Rescuers. Smuldremjølet skal dei laga ved å smuldra opp brød som ikkje er blitt selde og finmala det til nytt mjøl.
– Dette mjølet kan me bruka i for eksempel nytt brød, pizzadeig og kjeks. På denne måten kan me sørgja for at brødet går til noko anna enn dyrefôr og forbrenning.
Men Almli seier at vi ikkje kan baka brød med smuldremjøl som einaste mjøltype. Baksten må då ha til dømes fem til ti prosent smuldremjøl, og resten anna mjøl.
Eit slikt prosjekt har allereie blitt gjennomført hjå bakeri i Frankrike.
– Mange av dei som brukar smuldremjøl opplever at det er fint for dei økonomisk, fordi dei slepp å kasta brødet. Forbrukarar har sagt at dei ser det som eit pluss at dei kjeksa som dei har kjøpt, har vore med å hindre brød frå å bli kasta.
Barnefamiliar kastar mest
Det er ikkje alltid brødskiva freistar smårollingane, og brorparten av matsvinnet er det påsmurde brødskiver i matpakkane til born som står for. Bread Rescuers inviterer derfor foreldre til å finna løysingar på korleis dei kan redusera brødsvinnet i matpakkane til borna sine.
Forskar Siril Alm ved Universitetet i Tromsø (UiT) skal leia arbeidet.
– Det kan for eksempel vera at borna smør sine eigne matpakkar heime eller på skulen. Familiane skal vega restane frå matpakkane før og etter dei har prøvd ut ulike tiltak, og berre det kan jo hjelpa dei med å bli medvitne på kor mykje brød dei kastar, seier ho i ei pressemelding.
Allierer seg med næringa
– Me skal òg gjera testar i hushald. Me skal finna ut kva som er fordelane ved fryst brød. Forbrukarane skal sjølve kjøpa brødet, og frysa det. Nokre skal skjera det opp, nokre skal skjera det opp og ta berre halvparten av det opp om gongen for eksempel. Me trur at det kan føra til mindre svinn, men me har ikkje forskingsbaserte testar på det.
Forskarane skal måla smaksopplevinga av brødet med eit sensorisk panel basert på ulike måtar å frysa og tina brøda på. Etterpå håpar dei å kunna leggja fram anbefalingar på kva som smakar mest likt ferskt brød.
Bread Rescuers har alliert seg med både Mesterbakeren og Rema 1000. Mesterbakeren leverer brød til Rema-butikkane. Både bakeri og butikkar har teke grep når det gjeld matsvinn. Mellom anna er det nokre aktørar som sel bakarvarer til halv pris når det nærmar seg stengjetid.