nyhende
Fleire vel konfliktrådet i sivile tvistesaker:
– Me har kapasitet til å ta imot endå fleire
Konfliktrådet Sør-Vest har dei sist åra hatt ein auke i talet på sivile saker som nabotvistar, trugsmål, økonomisk usemje og familiekonfliktar. Konfliktråd-leiar Kirsten Borsheim oppfordrar endå fleire til å nytta dette tilbodet.
– Tilbodet vårt er frivillig og heilt gratis. Problemet er at mange ikkje veit om oss og kva me kan hjelpa til med, seier Borsheim.
48 prosent auke
Frå 2022 til 2025 har talet på auka frå 123 til 182. Det tilsvarar ein auke på 48 prosent. Borsheim har ikkje tal for den enkelte kommune og kan såleis ikkje seia nøyaktig kor ofte dei har konfliktsaker i Sveio til behandling.
Det er nok at ein av partane i ein konflikt tar kontakt med konfliktrådet. Det kan mellom anna gjerast via nettstaden www.konfliktraadet.no. Då vil rådet ta kontakt med den eller dei andre partane. Alle får tilbod om ein førehandssamtale med meklar. Alt er frivillig og alle kan trekkja seg frå meklingsprosessen når som helst.
Konfliktrådet Sør-Vest har kontor og besøksadresser både i Haugesund og Stavanger.
Rundt 30 prosent av dei sakene Konfliktrådet Sør-Vest får melding om, fører til mekling. Kor mange av desse igjen som gir resultat, har ikkje Borsheim tal på.
– Mange er nøgde
– Resultat vil ikkje alltid seia at partane kjem fram til, og signerer ein avtale. Mange gonger løyser problema seg rett og slett ved at partane får snakka ut. Meklarande våre fortel i så måte om magiske ting som skjer i meklingsrommet. Mange fortel at dei får tilbake tryggleiken etter mekling, og at dei slepp å bruka tid og pengar på ein større rettsprosess.
Ni av ti tilbakemeldingar som konfliktrådet får er positive, fortel Borsheim vidare.
I tillegg til sivile saker får konfliktrådet også ein del straffesaker frå politiet.
Får saker frå politiet
– Av dei tolv konfliktråda i landet får faktisk med flest av slike saker som gjeld ungdommar under 15 år. Det synest me er ekstra spennande, seier Borsheim.
Saker av denne typen blir automatisk lagde bort av politiet fordi gjerningspersonane er under den kriminelle lågalderen. Når Konfliktrådet Sør-Vest får flest slike saker, trur ho det skuldast at politiet i dette politidistriktet er ekstra flinke til å oversenda
– Blant dei mest vanlege sakene er tjuveri frå butikk. Me legg mykje arbeid i å få dei involverte partane til å gå med på mekling. Diverre hender det ofte at vedkomande ungdom og dei føresette seier ja til mekling, medan butikkane avslår fordi dei meiner dei ikkje har kapasitet til å delta.
Mange vil bli meklarar
Når konfliktråda har god kapasitet og kan påta seg fleire saker, har det mellom anna samanheng med at dei rekrutterer nye meklarar etter behov. Og det har ikkje vist seg vanskeleg å få folk til å påta seg slike oppgåver. Meklarane skal representera eit gjennomsnitt av befolkninga både når det gjeld kjønn, alder, utdanning og erfaring. Dei blir rekrutterte for fire år om gongen og får intern opplæring og oppfølging.
– I utgangspunktet skal me ha meklarar i kvar kommune, men nokre kommunar er for små og har for få saker til at meklarane får nødvendig erfaring. Då brukar me meklarar frå ein nabokommune. For tida har me for eksempel ingen meklarar som er busette i Sveio, men brukar meklarar frå Haugesund, Stord eller Bømlo, fortel Borsheim.
På landsbasis finst det i dag 550 meklarar som er tilknytte dei tolv konfliktråda.