nyhende
– Me har det utruleg kjekt
Det er tidleg søndag føremiddag når Vestavind besøker jenteleiren på Tjernagel Leir og Fritidssenter. I tunet ønskjer grisen Gisse (2) velkommen, medan hunden Bella held seg tett i nærleiken.
I den første stalldøra møter me Ida Førre Apeland (12) frå Sveio. Ho er på jenteleir for første gong, men det er langt frå første gong ho er i stallen på Tjernagel.
Passe stramt
Ho har nemleg vore her på ulike arrangement og kurs over fleire år. Men å vera på jenteleir betyr at ein må ha erfaring, og det er det ikkje tvil om at Ida har, der ho med enkle grep salar hesten Jack til dagens ridetur.
– Det må vera sånn passe stramt. Eg justerer litt når eg kjem ut.
På utsida av stallen finn me Live Pettersen (12) frå Bømlo og Marte Hustvedt-Jacobsen (13) frå Haugesund som reingjer hovane til hesten. Dette er ein del av stellet. Etter dette er det reingjering i stallen som står for tur.
Kjem frå Bømlo to dagar i veka
Live fortel at ho tek ferja frå Bømlo to dagar i veka for å gå på ridekurs på Tjernagel. Leiren i helga kjem som eit høgdepunkt i tillegg.
– Det er ikkje så langt. Eg bur på Langevåg, så det er kort veg med ferja, seier ho.
Marte fortel at det er første gong ho er på leir, men ho rir regelmessig i Haugesund, utandørs i terreng, med hopp. Såleis er ho i sitt rette element på Tjernagel.
Hanne Løvland kan fortelja at mange av dei som brukar leir- og ridesenteret kjem frå Bølmlo, Stord, Haugesund og Karmøy
For dei med erfaring
På leiren denne helga er det 10 jenter som deltek. Her er aldersgrensa 12 år, og det er krav om å ha erfaring med hest, der jentene sjølve må kunna sala opp og klargjera hesten før dei skal ut og ri.
Henriette Helgeland (13) frå Haugesund løftar fram det unike med Tjernagel Leir og Ridesenter – at det ligg naturskjønt til og byr på fine turmoglegheiter i variert terreng. I tillegg er den sosiale aktiviteten på kveldstid saman med andre hesteinteresserte venner eit høgdepunkt.
– Me har det så utruleg kjekt her, strålar Henriette.
Mor og dotter samarbeider
Hanne starta Tjernagel Leir og Ridesenter saman med mor si, Gunnbjørg E Løvland.
– Bakgrunnen for at me starta opp var eigentleg knytt til at då foreldra mine kjøpte garden etter tanta mi, var det bu- og driveplikt. Mor hadde erfaring og interesse for leirdrift frå IOGT i Haugesund, og eg var glad i å halda på med hest. Slik vart det til at me starta opp. Sidan har det vore eit mor og dotter-samarbeid.
Kom frå Bergen
I den første perioden til leir- og ridesenteret, var dei blant dei første i distriktet som arrangerte leir. Hanne fortel om tilreisande frå Bergen og omegn som reiste til Tjernagel for å delta på leir.
Dei seinare åra har det kome fleire som arrangerer liknande leirar som gjer at deltakarane er meir lokale.
– Elles er det tre andre leirhelger her i året der det ikkje er krav til forkunnskapar. Då deler me deltakarane inn i grupper etter kva ferdigheiter dei har. Dette gjer at både dei som kan mykje og dei som er nybegynnarar kan delta på same leiren, noko som er kjekt til dømes for søsken som vil vera på same leiren, seier Hanne Løvland.