nyhende

Måndag heldt Haugaland brann og redning skogbrannøving ved Ryvarden. FOTO: HAUGALAND BRANN OG REDNING
Måndag heldt Haugaland brann og redning skogbrannøving ved Ryvarden.

— Me har brent våren inn

Med gårsdagens skogbrannøving ynskte Haugaland brann og redning våren velkomen: — Dette er eit vårteikn som er like sikkert som at vipa kjem, russen hoiar og slankeråda inntek avisene, seier brannsjef Dag Botnen.

Publisert Sist oppdatert

(Sjå bilete nedst i saka).

Måndag sette brannmennene i Sveio fyr på store mengder vegetasjon i området Landsåt mellom Ryvarden og Lyngholmen.

Det høyrest kanskje dramatisk ut, men skal ifølgje brannsjef Botnen ha gått fint føre seg.

— Me har brent våren inn, skriv han til Vestavind.

Heile 250 mål med kystlynghei vart brende. Det tilsvarer 250.000 kvadratmeter.

Brannsjefen meiner dette er eit godt tiltak i reguleringa av vegetasjon. Ved å halda buskas og kratt nede, vert det dessutan vanskelegare for ein potensiell brann å spreia seg.

— Dette er ein gamal tradisjon som skal halda kystlandskapet i hevd, og sveibuen er synonym med tradisjon, presiserer Botnen.

Skogbrannøvinga frå gårsdagen gjer brannmannskapen i Sveio endå meir førebudd på å handtera brannsituasjonar i framtida.

Vegetasjon i full fyr.
Ein brannmann ser vegetasjonen brenna ned.
Brannmannskapen øver seg til skogbrann. — Eit sikkert vårteikn, seier brannsjef Dag Botnen.
Ein nøgd brannmann førebur seg på potensielle skogbrannar i framtida.
Powered by Labrador CMS