nyhende

Ungdom vil vita meir om psykisk helse:

– Me gir eit pusterom i kvardagen

Då Sveio skule markerte Verdsdagen for psykisk helse har ungdomstrinnet fått kjekke avbrekk ei heil skuleveke. Det er noko elevane har signalisert at dei treng.

Publisert Sist oppdatert

– God morgon! God morgon! God morgon!

Elevane som går på ungdomstrinnet på Sveio skule kjem inn hovudinngangen på rekke og rad. Torsdagen er som dei fleste andre dagane, men akkurat i dag står Sunniva Vikse og Rajana Eriksen Radulov i hovudinngangen og deler ut både smil og små lommebrosjyrar til dei som vil ta i mot.

Tar i mot

Bodskapen MOT-elevane deler ut er Psykevettreglane, ein minibrosjyre utgitt av Verdsdagen for psykisk helse. Her står sju konkrete tips for å ha det godt.

God morgon, helsar Sunniva Vikse og Raja Eriksen Radulov medelevane sine. Dei deler også ut ein liten brosjyre til dei som vil ha, med tips for å oppretthalda god psykisk helse.

Rajana merkar at medelevane gir eit lite smil tilbake når dei blir helsa på i gangen. Fleirtalet tar også i mot brosjyren.

– Det ser ut som om dei fleste set pris på det, seier Sunniva.

Små drypp

Denne veka har vore litt annleis på Sveio skule, og det er miljøterapeut Kristina Våge Ballard som har tråden i dette med god hjelp av Hilde Urnes, Suzanne Åbø og hjelpsame MOT-elevar. Ballard har ansvar for prosjektet «Kunnskap, kompetanse og samspel for god psykisk helse i ungdomsskulen».

– Me har markert Verdsdagen for psykisk helse heile veka, og kjem til å halda fram veka etter haustferien også. Fokus i år er livet under og etter ein pandemi. Ver merksam. Ver tilstades. Følg opp. Me gir eit pusterom i kvardagen, seier Ballard.

Skuleveka har vore prega av små hendingar som gruppevis tar ungdomane ut av den vanlege tralten. Rett og slett for å stoppa litt opp, og ta eit avbrekk frå skuletrøkket som tok til igjen i august.

Avslapping

Elevane har meldt seg på det dei vil sjølve. Seinare i skuledagen fekk mellom anna ei gruppe få sjå på film i to skuletimar, utan at det er nokon forventa at filmen skulle tolkast eller reflekterast over etterpå.

– Dei skal sparke av seg skoa, ha det komfortabelt og ta ein pause frå skulearbeidet, seier Ballard.

Ellers har det vore mogleg å melda seg på tibetanske riter, altså avslappande yoga, andre er med på meditasjon. Det har også blitt servert kakao i eit friminutt, og fredag var det mogleg å ta seg ein joggetur.

Me spør ei jente med grøn kakaokopp kva ho gjer for å ha ein fin kvardag.

– Eg trener mykje, og er med venner. Eg spelar både handball og fotball, fortel Anna Møllerhaug, som også likar å måla, laga smykke og ting av leire.

Vil vita meir

Meir fokus på psykisk helse i ungdomsskulen er også noko ungdomsrådet i Sveio har etterspurt.

– Dei ønskjer meir fokus på psykisk helse, og det tar me på alvor. Ungdomen vil vita meir, for dei har ikkje hatt så mykje om det før, seier Ballard.

Varige tiltak

Signalet dei vaksne vil senda ut, er at dei er tilstades. Folkehelse og livsmestring er også nedfelt i fagfornyinga som tverrfaglege tema, for å gi elevane kompetanse som fremjer god psykisk og fysisk helse, og som gir moglegheiter til å ta ansvarlege livsvalg.
Daniel Nordtveit og Eirik Halleraker (t.v.) og nokre kameratar set pris på god mat og gode venner i kvardagen. – Og speling, kjem det frå ein av gutane. Det som gjer kvardagen bra for brørne Lars Folgerø og Sjur Folgerø (på bildet t.h.) er å vera i fysisk aktivitet. Begge speler volleyball.

Å ha ein annleis dag og veke er kjekt, men Ballard er opptatt av å skapa tiltak som er gode og varige.

– Me vil spørja ungdommane kva dei sjølv meiner at dei treng i skulekvardagen. Mange svarer at dei vil læra meir om psykisk helse i undervisninga, at dei treng pusterom i skulekvardagen, og at me må ha meir openheit rundt det å snakka med til dømes helsesjukepleiar eller psykolog, seier miljøterapeuten.

Mykje av det elevane spør etter kan leggjast til rette for på skulen.

– Me vil og sjå på dette i lag med tilgjengeleg faglitteratur og finna tiltak som er lett gjennomførbare, men som kan ha god effekt.

– Kva er ønskjemålet når det kjem til psykisk helse for ungdom i Sveio?

– At elevar skal kjenna tida si på ungdomsskulen som god, dei skal trivast og bli sett, og vita at det er hjelp å få om ting blir vanskelege.

Powered by Labrador CMS