nyhende
– Me finn nok nokre perler blant 30 mil med kystline
Rådgjevar Marit Persen Liknes har alltid mange jern i elden når det kjem til idrett, kultur og friluftsliv. Nyleg sikra ho midlar til ro-og padleruter, og seier ho gjerne tek imot forslag frå sveibuar.
Det er langt frå første gongen ho har søkt om midlar til aktivitetar som kjem sveibuen til gode.
– Korleis veit du om alle desse ordningane?
– Fylkeskommunen inviterer kommunane og deira rådgjevarar innanfor idrett og kultur til å søka. Samstundes har dei har god oversikt over tilskotsordningar på nett, så eg kan jo sjekka sjølv om det er noko me ynskjer pengar til, seier Marit Persen Liknes, rådgjevar for kultur og idrett i Sveio kommune.
Ynskjer forslag til padleruter
Nyleg fekk ho 50.000 kroner frå Vestland Fylkeskommune til kartlegging av ro- og padleruter i Sveio. Opphaveleg var fylkeskommunen sitt prosjekt meir generelt, nemleg å kartlegga friluftslivet sine fartsåre, men så vart det slått saman.
– Me har ikkje byrja med kartlegginga enno, men me har jo sett oss ut interessante område. Stader langs Ålfjorden og Førdespollen til dømes, fortel rådgjevaren.
– Kvar i Ålfjorden?
– Det er deler som er allment tilgjengeleg, frå Selsåsvika til dømes, eller Svebakken lengre inn mot grensa til Tysvær, seier ho.
Det er for tidleg å svara på nøyaktig kvar i desse områda, og stadane ho nemner er berre forslag. Og mykje må klarerast med potensielle grunneigarar viss privat grunn vert råka. Liknes er likevel tydeleg på ein ting: ho ynskjer innspel!
– Me er veldig interesserte i å høyra frå folk. Me har ikkje gått ut enno og bedt om innspel, men eg tek gjerne i mot ein telefon eller e-post, seier ho.
Kartlegginga startar til hausten
Sjølve arbeidet med kartlegging byrjar til hausten, i samarbeid med Friluftsrådet Vest. Fylkeskommunen håpar ein til slutt kan legga alle rutene inn i ein app, slik at ein enkelt kan planlegga kajakkturer eller finne nye.
– Det er veldig populært både på fritid og i ferier. Og det kan fremma reiselivet i Sveio. Det heng saman, seier Liknes.
– Padlar eller ror du sjølv?
– Nei. Eg synest det ser heilt fantastisk ut, men eg har ikkje gjort det så mykje sjølv, svarar ho.
30 mil med potensielle perler
– Kva konkret arbeid skal gjerast utanom kartlegging?
– Til dømes å setja opp informasjonsskilt eller kart med padleruter i eit område, men det kan og vera mogleg på sikt å setje opp ein gapahuk eller ei bryggje om ønskeleg montera ei brygge, seier ho.
Liknes har trua på at prosjektet skal treffa godt i Sveio, og viser til at kommunen er omringa av sjø i vest, nord og aust.
– Me har 30 mil med kystline, me finn nok nokre perler blant dei, smiler ho.