nyhende

Dei fleste motorsyklistar er ikkje først og fremst på vegen for å koma fram, men fordi dei gleder seg over å køyra sykkel. Derfor er køyrereglane om å bruka blikket smart, tilpassa farten og å plassera seg klokt så viktige. Det er med på å redda liv.
Dei fleste motorsyklistar er ikkje først og fremst på vegen for å koma fram, men fordi dei gleder seg over å køyra sykkel. Derfor er køyrereglane om å bruka blikket smart, tilpassa farten og å plassera seg klokt så viktige. Det er med på å redda liv.

MC-ulykkene tok flest liv i mai

I mai har ti personar mista livet i trafikken. Seks av dei er menn på motorsykkel. Så langt i år har 38 personar omkome. Det er tre fleire enn i samme periode i fjor.

Publisert Sist oppdatert

Motorsyklistane har fått mykje merksemd i mediene denne våren. Totalt har seks mannlege motorsyklistar mellom 16 og 54 år mista livet. Ein person ligg hardt skadd på sjukehus.

5 av 6 mellom 16 og 29 år

Det er oftast middelaldrande menn som omkjem på MC. Så langt i år er bildet annleis. Fem av dei seks som døde i mai var i alderen 16-29 år.

– Me har ingen å mista, men det oppleves ekstra tragisk når unge menn med heile livet framfor seg døyr i trafikken, seier Guro Ranes, leiar for trafikktryggleik i Statens vegvesen.

Sjåførar i denne aldersgruppa har som regel ikkje fått opparbeidd seg den erfaringa ein særlig treng når ein ferdast på MC.

Tre omkomne i Vestland

Dødsulykkene i trafikken fordeler seg relativt jamnt utover landet, men det er eit lyspunkt at det hittil i år ikkke har omkome nokon i Nordland og Finnmark.

Flest ulykker har det vore i Østfold med fem omkomne. I Akershus, Buskerud, Møre og Romsdal er det fire omkomne i kvart fylke.

I Innlandet, Telemark og Vestland har tre omkome trafikken, medan det er to omkomne i høvesvis Agder, Rogaland og Troms. Ein er omkomen i Vestfold ved utgangen av mai.

110 drepne og 578 hardt skadde

31. mai kom endelege og offisielle tall på drepne og hardt skadde i trafikken frå SSB. Det var 110 som døde og 578 som ble hardt skadd i 2023, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

–  Det er en nedgang i ulykkestala, men me er langt frå den kurva som tar oss mot etappemålet om maks 350 drepne og hardt skadde, der maks 50 av dei er drepne i trafikken, seier Ranes.

Møteulykker tar flest liv i trafikken. Halvparten av ulykkene i år er møte mellom to køyretøy. Det er lett å tru at ei møteulykke er der den eine bilen prøver på ei forbikøyring. Men det handlar oftare om ein uoppmerksam sjåfør som kjem litt for langt til venstre og over i motgåande køyrebane.

MC-dugnaden

Statens vegvesen leiar «MC-dugnaden», som er eit samarbeid mellom fleire organisasjoner for å betra MC-tryggleiken. MC-dugnaden har utarbeidd nokre viktige køyrereglar:

Bruk blikket smart

  • Skaff deg overblikk – unngå overraskingar.
  • Søk blikkontakt.
  • Sjå dit du skal.
  • Sjå alltid etter ein utveg.

Tilpass farten

  • Senk farten før svingen.
  • Rekk du å stoppa?
  • Vel ein fart kor du kan bli oppdaga.

Plasser deg klokt

  • Gjer deg synleg – ikkje gøym deg
  • Skaff deg handlingsrom – forover, bakover og sidevegs.
  • Køyr tydeleg – ver føreseieleg.
Powered by Labrador CMS