nyhende
Matvareprisane steig med 4,4 prosent i juli – næringsministeren rasar
Prisane på mat og alkoholfrie drikkevarer steig uvanleg mykje – heile 4,4 prosent frå juni til juli i år. Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) reagerer kraftig.
Høgare prisvekst i juli månad er berre målt to gonger tidlegare, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
– Auka matprisar i juli passar godt med mønsteret vi har sett over tid, der prisendringar frå leverandørane blir innfasa denne månaden. Samtidig er årets prisvekst i juli blant dei høgaste vi har sett, trass i signal frå bransjen om at dei vil bort frå denne ordninga med fast tidspunkt for prisforhandlingar, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB.
Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) kallar det uakseptabelt at prisane aukar så mykje på ein og same månad.
– Her må aktørane forklare kvifor dette prishoppet kjem no. Eg kjem ikkje til å sitje stille og sjå på at bekymringa til dei som handlar i butikken, veks, medan eigarane aukar prisane. Dersom dette held fram, blir vi nøydde til å kalle inn aktørane igjen, seier ho til NTB.
Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer var 5,9 prosent høgare i juli enn for eitt år sidan.
Kaffi, kakao og frukt er blant det som har trekt opp prisane dei siste tolv månadene.
– Prisane på kaffi og sjokolade har stige mykje dei siste månadene. Dette kan sjåast i samanheng med utviklinga av råvareprisane på kaffi og kakao, som har vore svært høge gjennom 2025, seier Kristiansen.
Myrseth gjer det klart at ein er førebudd på å gjere fleire tiltak enn ein allereie har i daglegvarebransjen.