nyhende
Matvareprisane steig med 3,2 prosent i juli – kraftig prishopp på sjokolade
Prisen på matvarer og alkoholfrie drikkevarer i Noreg har auka med 3,2 prosent frå juni til juli.
Sjokoladeprisane var blant varene som auka mest frå juni til juli, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå. Spisesjokolade steig med 16 prosent, medan kokesjokolade steig med 21,1 prosent.
Dei siste tolv månadene har prisen på matvarer og alkoholfrie drikkevarer i Noreg auka med 4,9 prosent, viser SSBs tal.
Vanleg med auke frå juni til juli
Prisauken på mat og alkoholfrie drikkevarer var ein viktig bidragsytar til å halde samla prisvekst oppe i juli, skriv SSB.
– Det har vore vanleg at matprisane aukar frå juni til juli, mellom anna fordi jordbruksoppgjera i år og prisendringar frå leverandørane blir fasa inn. Trass i signal frå bransjen om at dei vil bort frå ordninga med fast tidspunkt for prisforhandlingar, ser vi også i år ein sterk og brei prisvekst på mat og drikke i juli, der dei aller fleste varegruppene steig i pris, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB.
Prisfall og prisstigning
Potetprisane fall med 13,3 prosent i den same perioden, medan prisane på kål og melon fall med høvesvis 12,3 og 12 prosent.
Dei siste tolv månadene har prisen på fersk laks og aure stige med 11,1 prosent. Medan prisane på ost og osteprodukt har stige med 7,3 prosent, har prisen på pærer gått ned 12,4 prosent i denne perioden.
Prisen på viltkjøtt har det siste året falle med 4,6 prosent. Bacon-prisane har gått ned 0,1 prosent, og prisen på storfe- og kalvekjøtt har stige med 4,8 prosent i den same perioden.