nyhende

Mattilsynet skal styrke arbeidet med dyrevelferd, men slit med å få kvalifiserte veterinærar i distrikta. Arkivfoto: Carina Johansen / NTB / NPK
Mattilsynet skal styrke arbeidet med dyrevelferd, men slit med å få kvalifiserte veterinærar i distrikta.

Mattilsynet slit med å få veterinærar i distrikta

Publisert Sist oppdatert
NPK: For å styrke arbeidet med dyrevelferd har Mattilsynet lyst ut 27 veterinærstillingar. Men til stillingane i distrikta er det få kvalifiserte søkarar.

Det er Nationen som har gått gjennom søkjarlista til 24 av stillingane Mattilsynet har lyst ut. Til dei to stillingane med arbeidsstad i Kirkenes og Ølen er det ingen søkarar. Til åtte andre stillingar var det berre to eller tre interesserte, og fleire av dei er ikkje kvalifiserte.

– Vi veit det er vanskeleg å få tak i veterinærar. Eg er ikkje forbausa, seier Bjørnar Werner Jakobsen, Veterinærforeningens president og hovudtillitsvald i Mattilsynet, til avisa. Han meiner det heilt klart vil gå ut over dyrevelferda dersom det ikkje blir tilsett veterinærar i stillingane.

I førre veke sette Landbruks- og matdepartementet ned ein arbeidsgruppe som skal sjå nærmare på veterinærdekninga i landbruket.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS