nyhende

Portforbodet for tamfugl er oppheva i 17 kommunar i Rogaland. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Portforbodet for tamfugl er oppheva i 17 kommunar i Rogaland.

Mattilsynet opphevar portforbodet for tamfugl

Publisert Sist oppdatert
NPK: Utbrotssesongen for høgpatogen fugleinfluensa (HPAI) er i ferd med å gå over, og portforbodet for tamfuglar i 17 kommunar i Rogaland vart oppheva 29. august.

Det betyr at påbodet om å halde tamfuglar under tett tak, og forbodet mot dyresamlingar, er fjerna. Mattilsynet minner likevel om at det framleis vil vere plikt til å melde frå til dei ved mistanke om fugleinfluensa.

Endringane er langt på veg gjorde i tråd med råd frå Veterinærinstituttet.

Utbrotssesongen for HPAI i 2021 og 2022 blir skildra som den største fugleinfluensaepidemien som nokon gong har ramma Europa, med meir enn 46 millionar avliva dyr. Sidan sjukdomen vart oppdaga hos villfugl i Noreg hausten 2021, har smitten spreidd seg til og etablert seg hos ville fuglar i det meste av landet.

Det er såleis sannsynleg at HPAI-viruset vil spreie seg hos villfuglar fram mot hausten og starten på ein ny utbrotssesongen. Dermed blir det også vere fare for smitte til fjørfehald. Risikoen for smitte er høgst seinhaustes og om vinteren.

– Trass i at vi no opphevar portforbodet i Rogaland, oppmodar vi likevel alle som har tamfugl til å skjerme fuglane sine frå direkte og indirekte kontakt med villfugl, seier seksjonsleiar Anne Marie Jahr i Mattilsynet.

Det betyr at vatning og fôring av fuglane bør går føre seg under tett tak.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS